V5A 1. avd
Independent O. Johan Kringeland Eriksen var ute i ein galopp og enda på ein skuffande 7. plass. Hesten var blant favorittane i V5-spelet.
V5A 2. avd
Skaffer Elden enda på ein heilt grei 3. plass. Likevel eit godt stykke bak den suverene vinnaren Føynland Jerven.
hesten eiges og trenast av Geir Arne Eriksen.
V5A 4. avd. Det blei berre nesten for Kringeland Eriksen bak Kringelandtellus som eiges av Kåre Refsland og Geir Arne Eriksen. Hesten spurta inn til ein fin 2. plass, ein halv lengde bak vinnaren Art Nattfari. 2. plassen gav 9.000 kroner i premie
I V5A 5. avd. var det tid for Etne-hesten Little Samo. Det blei ein 7. plass og 2.000 kroner.
V5B 4 avd. kuska Kringeland Eriksen Vertigo Mindi. Hesten som ikkje har nokre topplasseringar og vise til kom inn til ein sterk 4. plass. Det ga eigarane 3.000 kroner.
I tillegg kjørte han Kringelandtraveren i dagens aller første løp, kor han endte opp med ein fin 4. plass. Det løpet var ikkje i V5-spelet.
Totalt sett kan nok Johan Kringeland Eriksen være nøgd med innsatsen på Bergen Travpark, sjølv om det denne gongen ikkje blei siger.
Både Skaffer Elden og Kringelandtellus var der framme, og det er nok både kusk og eigar nøgde med.
– Ja, det blei ein bra dag i Bergen, sjølv om eg ikkje klarte å toppe det med ein siger. det er ikkje lett å vinne travløp, seier Kringeland Eriksen.
LES OGSÅ: https://tysver-bygdeblad.no/2015/08/05/til-bergen-med-vinnarsjanser/
Tysdag stiller Kringeland Eriksen på Forus med hestane: Stensvik Maja, J.T.’s Jet og Diamond Va Bene (SE)