Kari Espeset Gretha Elverhaug er klare til å ta i mot kyrkjevalstemmer på Frakkagjerd ungdomsskule. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kari Espeseth Gretha Elverhaug er klare til å ta i mot kyrkjevalstemmer på Frakkagjerd ungdomsskule. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Me er her

I dag er det også kyrkjeval. På Frakkagjerd sit valvaktene vegg i vegg med kommunevalet, men ikkje alle finn fram.

– Så dumt at me ikkje kunne ta kyrkjevalet her samstundes.
Sitet kjem frå eit eldre ektepar som hadde funne vegen til valurna for kommune- og fylkestingsvalet, men ikkje hadde oppdaga at kyrkjevalet var i same bygg, men inn hovuddøra og ikkje i kantina.
– Seie du det, det var litt trist. Me veit ikkje heilt kva som gjer at me er så pass skilt frå kvandre, men det er vel reglar for slikt. Me får håpe dei kjører inn til kyrkja og røystar så, seier Grethe Elvarhaug.
Ho klagar likevel ikkje. Mange har funne vegen til kyrkjevalet så langt i dag. Og det kan røystas heilt fram til klokka 20.00 der også.

Merk altså at kyrkjevalet i Førre/frakkagjerd skjer på ungdomsskulen med inngang gjennom hovuddøra.