Om val og 62,2%

Håvard Førland kommenterer valet: Ein må velje her i livet, det kjem stunder då du er nøydd.

Eg kjende ein gong ein fyr som spurde arbeidskameratane sine om dei syntes han skulle velje å lakkere bilen eller bruke pengane på dama si, i klartekst kjøpe ring til henne; og eg hugsar godt kva vi svarte, det var lett å vere rådgjevar, fyren hadde ein flott Opel Manta, eller flott, han blei iallfall det…

Tømde du postkasseinnhaldet på stovebordet kvar dag no i haust? Leid du valets kval medan du sumde mot toppen av berget av all verdas gode tiltak i skrifts form, tiltak til bruk på kommunalt nivå, meir til skule, barnehage og andre offentlege oppvekstplasser og/eller bed? Kva håpte du på nå som dei folkevalde stort sett har sytt for full barnehagedekning, mon dei skal gjere det same for dei eldre! Tok du standpunkt sjølv, eller er du full av flogvit og såleis fann fram til kjernen og dei beste tiltaka hos dei som baud over motstandaren?
Er du eit reflektert medlem av horden, har du fleska til og kasta deg inn i samfunnsdebatten med polemisk kraft på jakt etter dei optimale fellesskapsløysingane, eller er du nautisk anlagt med horn i sida til det meste og berre kan uttrykke det i flokk med anna stemmekveg?
Å velje er viktig, sjølvsagt hadde det vore flott å vere Ole Brumm og seie ja takk til både å liggje på sofaen og bli i god form, men slik funkar det ikkje, eller forresten, er du einig? Vi har just lagt bak oss eit kommune og fylkestingsval med svært låg deltaking, i Tysvær var oppmøte 62,2% – vi var nett så vidt betre enn snittet for fylket vårt, Rogaland nådde 56,4%! Kva skal ein seie til slikt? Blir du òg uroleg av slike tal?
Val dreier seg om utpeiking av representantar(og onklar) til stillingar eller verv i meir og mindre vedtaksføre organ i verksemder, organisasjonar, parti, kommunar, fylker, staten osv. Politiske val har med samfunnsbygging å gjere, om kva som skal prioriterast i samfunnet. Sentrumsfokus, bygdepolitikk, om ein skal kjøpe senter eller ny skule. Det handlar om-sorg, om det å tåle å ta ein verbal kamp, ordskifte synspunkt og risikere å bli påverka. Og så kan det hende (det hender vel eigentleg ofte) at ein blir skuffa over motparten, eller den betre halvdel, eller motstandaren som ein ikkje syns held rette standarden. Å bli skuffa over er forresten litt av ei greie, iallfall viss ein ser biletleg på det, stakkars naboen viss eg blir skuffa over han, fyren blir vel tynt av mine 100 kilo…!
Rosene er røde, fiolane er blå, eller er det no eigentleg slik? Høgre for høns og hanekyllingar”, sa gåsa og gjekk til venstre, men det var før det, no handlar det om storkoalisjon, blant anna i Tysvær. Framstegspartiet slit med lovnaden i namnet sitt og er på veg til å hamne i sentrum. Kristeleg folk e (på)parti med Venstre, og Senterpartiet står heller ikkje i sentrum når makta blir fordelt. No Arbeider partiet til Sigmund i lag med Ola APland, makta rår, mykje kan skje når du tar henne i ei anna hand. Hestehandel handlar om (å) handle-kraft, kom til å tenkje på kraftsosialisme, men no er eg visst i ferd med å blande korta skikkeleg…

Ved livets spillebord
er denne tanken heilt sentral:
skal ein våge, eller skal ein ikkje
spele-gal?

Men det var denne elendige oppslutninga om valet, det var i grunnen det eg ville kommentere. Det meste er i grunnen greitt så lenge folk ikkje berre driv med benkeforslag, så lenge Kvarmansen ikkje melder seg inn i sofademokratane og syns han/ho sit så godt i det at dei heller blir sitjande heime. Ingenting er verre enn likegyldighet, islam er ikkje ein trussel mot kristendommen, likegyldighet er derimot ein alvorlig trussel mot det meste elles i eit fellesskap. Folk er vel stort sett tru, ja ikkje i alle høve då sjølvsagt, men altså som hovudregel. Det viktigaste er å ha trua på noko, og då meiner eg ikkje Ola Nordmanns «hellige overbevisning» som stadig vekk styrer i lag med overstyrmann individualismen. Det er fint å søke saman med dei som deler det ein er overtydd om uansett kva menig-heter. Det viktigaste er å orke å bry seg så mykje at ein deltar, skal folkestyre gi meining må vi gjere det, ta styringa. Så SKAM DEG du som ikkje møtte opp, og hugs å ta konsekvensen av det ved neste korsveg;
demokra-ti!