Rasmus Eikeland og Stian Askeland er klare til seriestart med Stegaberg U14. Laurdag kjem Frøya på besøk.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Rasmus Eikeland, Stian Askeland og Stegaberg vant over Frøya.

Leikne baskettalent

Rasmus Eikeland og Stian Askeland likar å spele basket. Etter kvart har dei fått fram eit talent som lovar bra for den nye generasjonen spelarar i Stegaberg.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Etter at Tysvær Magic blei til basket i Stegaberg har dei fleste laga blitt lagt på is. Men U14-laget er det liv og kvalitet over. Dei to unggutane har gjort det så bra at kretsen har invitert dei på sonesamlingar.
– Det var heilt fantastisk å få spele med så gode spelarar. I tillegg var det ein knallbra trenar der. Han var frå Aust-Europa og hadde ein skikkeleg kul stil. Me trur at det er slike samlingar som gjer ein til betre spelarar. Det, og skikkelege kampar, seier dei to 12-åringane.
Mykje reising
Me treff dei to i Sysco Arena. Bak oss sit to mødrer og følgjer spent med. Slik er det i basketball. Dei føresette må vere med for å få det til å gå rundt.
– Me speler i serien i både Bergen og Stavanger. For å få nok kampar har me meldt oss på i begge seriane. Det blir mykje reising, men det går heilt greitt. Me har det kjekt og leikar oss gode. Det å spele og trene må til. I tillegg hender det at me tar oss ein joggetur. Det er svært viktig å vere i god form, spesielt når me er på samlingar, seier dei to basketball-gutane.

Les heile saka i papiravisa. Kan kjøpast digitalt her: https://tysver-bygdeblad.no/e-avis/