Reguleringsarbeidet med fortau frå Vestli til kyrka er satt i gang.
Reguleringsarbeidet med fortau frå Vestli til kyrka er satt i gang.

Fortau frå Vestli til kyrkja

Det er nå satt i gang oppstart av regulering av fortau langs Førresvegen mellom Vestli og Førre kyrkje.

Etter oppstartsmøte 09.09.2015 og i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) §12-8 blir det med dette kunngjort start av arbeid med detaljregulering for fortau langs Førresvegen, gbnr 79/1024 med fleire. Planmrådet er i frå grense i reguleringsplan ”Vestli” til eksisterande gang- og sykkelveg ved Førre kyrkje.
Det skriv Tysvær kommune på sine heimesider.

Det er avklart at planen ikkje krev planprogram eller konsekvensutgreiing etter pbl §§ 4-1 og 4-2.

På det aktuelle vegstrekket fungerer Førresvegen i dag som kommunal bilveg og som gang- og sykkelveg til E134. I samband med utbygging av Vestli og Førreparken bustadfelt er det forventa auka trafikk på Førresvegen og behov for separering av mjuke trafikkantar. Formålet med planarbeidet er å gjere område meir trafikksikkert og å sikre trygg tilkomst til skule og kollektivanlegg for mjuke trafikkantar. Planen vil binde saman planlagt gangareal i Førreparken og Vestli til eksisterande gang- og sykkelveg mot Førre. Fortauet er tenkt plassert på nordsida av vegen.