Av Alf-Einar Kvalavåg
– Eg kan stadfeste at Urheim har slutta og at styre har vedteke at me skal drive den vidare utan å tilsette ein ny person i den stillinga. Eg som styreformann skal i tida som kjem vere den som skal vere kontaktpersonen for drifta av hallen. Vaktmeister Ørjan Østhus skal vere den som er i hallen, og som står for den daglege kontakten med brukarane, seier Apeland.
– Kva konsekvensar får dette for den daglige drifta og for arrangementa som nå er på trappene?
– Me satsar på at alt skal gå som tidlegare. Hallen er drifta av dugnadsarbeid frå Stegaberg IL og Haugaland Handball Klubb (HHK). Deira aktivitet går som tidlegare og eg trur ingen av brukarane vil merke noko. Mitt og vårt fokus nå er å få til ein skikkeleg fest i hallen med Vassendgutane den 31. oktober. Der er det allereie mange som har bestilt billettar, og nå startar den praktiske jobben, med å få til ein skikkeleg fest.
– Så det er ingen fare for konserten?
– Heller tvert om. Dette skal vere starten på ei ny tid og me håper og trur at nettopp Vassendgutane med sitt show, skal gi oss den gode starten me ønskjer oss, seier Apeland.
MEIR OM VASSENGUTANE: https://tysver-bygdeblad.no/2015/08/13/spiller-opp-i-kjent-vassendstil/
Les heile saken om Sysco Arena i papiravisa.