Upopulære val

Å vere lokalpolitikar er langt meir direkte enn å vere rikspolitikar. Ein treff sine veljarar i kassa på butikken, eller i turløypa.

Og det er ingen fare for at ein ikkje får høyre kva ein har gjort, eller ikkje gjort.
Av og til, og i periodar skjer det kanskje ofte, så må politikarane svare ja eller nei på spørsmål som lagar støy. Skule- og omsorgssaker er ofte dei kor det blir mest personleg. Eller som nå, når ein skal plassere rusbustadar i nærleiken av Aksdal.
«Ingen» vil ha desse oppi hagane sine, det skjønar alle. Til og med dei som nå skal plassere dei, likar ikkje å «gi» nokon rusbustadar. Difor utsette dei saka på nytt. Alle steinar skal snus, alle kort og meiningar skal på bordet. Når dei om ein månad, kanskje, plasserer desse bustadane, skal dei i alle fall kunne stå rakrygga å seie at dette er det beste alternativet.
Det er på ein måte eit godt signal. Det er slike politikarar me vil ha. Dei som set seg så godt inn i saker at når stormen kjem, for det gjer den, så veit dei at grunnarbeidet og den politiske handsaminga har vore god.
Eller ein kan vinkle det negativt. Dette er berre ei ny utsetting for å vinne tid. Håpe at engasjementet rundt desse bustadane forsvinn. Eller endå betre, at ønskje om slike bustadar av ein eller annan grunn også forsvinn.
Svaret får me når den endelege avgjersla kjem. Det er blitt ei oppgåve for det nye formannskapet og det nye kommunestyret. Det betyr at dei allereie den første månaden som folkevalte vil få ei skikkeleg betent sak i fanget.
For oss veljarar blir det å sjå om dei me har stemt inn, på så kort tid kan få nok informasjon til å ta den rette avgjersla.
Men det kjem meir.
I løpet av dei neste fire åra vil lokalpolitikarane måtte handsame saker som vil gripe direkte inn i folk sin kvardag. Det gjeld mellom anna kommunale avgifter, helse og omsorgstenester og innan skule. Felles for alle desse områda er at det blir eit sterkt engasjement. Enkle løysingar blir garantert avvist umiddelbart og ein vil få nye direkte konfrontasjonar mellom veljarane og politikaren.
Difor er det ekstremt viktig for dei 29 representantane, som nå gjer seg klare til teneste, at ein er førebudd på at det å gjere upopulære val, ikkje betyr at dei gjer feil val. Ein må berre være sikker når ein strekk armen i lufta og meiner noko. Ein må lytte, vurdere, sette seg inn i saker og framfor alt ikkje la seg drive av populisme.
I ein kommune som Tysvær er det politisk sjølvmord.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør