Maren, Mathea og Alfred Økland kom med ein sekk bøsser til banken i Aksdal. Dermed kan oppteljinga for årets TV-aksjon ta til.
– Det var mange som var ute i det fine vêret og me kom til ein del tomme hus. Men dei som har vore heime har vore svært så rasue, seier trioen fra Skjoldastraumen. 17 bøssebærarar har vore i aksjon i den store krinsen.
Anne Gressvoll kom inn med bøssene frå Frakkagjerd kor 24 bøssebærara, inklusiv heile klasse 2A hadde vore ute.
– Også hos oss var det svært mange som var ute denne flotte sundagen. me får håpe dei ser lappane me har klistra på døra og gir i etterkant, seier Gressvoll.
Nå har også Tysværvåg og Førland meldt sin ankomst. God stemning og stor giverglede i heile kommunen.
– Kjekt å jobbe dugnad for TV-aksjonen, meinte Ingrid Mellingen som kom med bøssene frå Grinde. Også der stor vivarglede, men mange tomme hus.
Også i Førre var mange ute på tur.
– Me har også registrert at mange har valt å ta seg ein tur i det fine vêret. Sånn er det berre. Dei som var heime tok godt i mot oss, seier Inger Fjeldheim.
Nedstrand ligg lengst unna, men har nå blitt talt opp.
Dermed er teljedugnaden i Haugesudn Sparebank over for i år.
– Tusen takk til alle som har vore med og gjort ein formidabel jobb. Takk også til alle store og små som har vore med og gitt, seier ordførara Harald Stakkestad.
Resultata blir lagt ut så raskt som dei blir klare.
Resultater:
Skjoldastraumen: 19.107 kroner
Frakkagjerd: 30.336 kroner
Tysværvåg: 42.102 kroner
Førland: 18.584 kroner
Grinde: 40.045 kroner
Førre: 42.987 kroner
Nedstrand: 33.046 kroner
Totalt: 226.207 kroner
I fjor gav tysværbuen totalt: 339.420 kroner i bøssene.
Tysvær kommune har gitt 25.000 kroner
Resultata frå 2014 og 2013:
Resultat 2014: (bøsser)
Høie/Stegaberg:
15,285 – (13.821 i 2013)
Skjoldastraumen:
29.059 – (26.264 i 2013)
Grinde/Aksdal:
59.360 – (66.374 i 2013)
Frakkagjerd:
34.260 – (26.401 i 2013)
Førre:
73.750 (55.606 i 2013)
Nedstrand:
43.436 (42.481 i 2013)
Tysværvåg:
84.268 (76.939 i 2013)