I rykk hadde han serien 75 kg, 79kg og ny pers 81 kilo.
– Eg hadde kontroll på nervane og fekk opp alle tre rykka for første gong på lenge. Dette var ein god start og er siktar meg inn på sølvmedaljen i min klasse, seier Kolstø Våge.
I støyt blei det 105 kilo, noko som «berre» holdt til bronsemedalje.
I Tysvær-løftaren sin klasse deltek danske Omed Alam. Han er i ein eigen klasse og startar med sine løft, når dei andre har gitt seg.
Sølv
Kamilla Grønnestad frå Skjoldastraumen, som løfter for Haugesund og bur i Sveio, blei det sølv etter 57kg i rykk og 72kg i støyt.
Meir om nordisk for juniorane i Tysværtunet kjem i avisa på torsdag.