Ole Ivars i 2015: Bjørn Elvestad, Tore Halvorsen, Arild Engh, 
William Kristoffersen, Ole Ødegård, Arne Willy Foss
Foto: Arild Hansen
Ole Ivars i 2015: Bjørn Elvestad, Tore Halvorsen, Arild Engh,

Nei, så kjekt det skal bli

Få om nokon kan vise til suksessen Ole Ivars har hatt langs norske vegar gjennom 50 år. Nå skal dei endeleg til Tysvær. I kveld står dei på scenen i kulturhuset.

Det er ingen i bandet som heiter Ole Ivar, men William Kristoffersen er så nær at han fortener å bli kalla frontpersonen i gruppa, i hard konkurranse med vokalist Tore Halvorsen. Kvifor? Det er han som har laga nesten alle songane du ein eller annan gong, meir eller mindre frivillig, har gått å nynna på.
– Me har reist land og strand rundt i mange år og med fleire besetningar, men akkurat Tysvær har me klart å kjøre forbi. Det skal me gjere noko med denne hausten og allereie på onsdag er me på plass i Tysværtunet. Me veit at det er mange i Tysvær som har vore og høyrt oss andre stader, og då stort sett på dans. Denne gongen har me tatt det beste me har med oss inn i kulturhuset, og laga ein konsert av det. Responsen har vore enorm, seier Kristoffersen.
På tide
Kulturjournalistane har vore ville av begeistring etter at showet «Aldri FREåFÅ» hadde sin premiere. Seksarar og femmarar florerer og det gleder ein landevegens «grand old man».
– Me hadde stor tru på å samle saman ein del av dei mest populære songane i ein konsertversjon. Då kan folk sitte i salen og lytte i staden for å kjempe om plassen med høgtsnakkande og øldrikkande dansefestdeltakarar. Mange av våre fans, og dei er det mange av, har lenge ønska seg ein slik konsert. Kanskje er det difor me får så god respons, seier Kristoffersen.
– Kva får ein høyre?
– Me speler to timar med det me trur er det folk vil ha. For å seie det litt enkelt så har me plukka ut dei som har slått best ann over tid, sett dei saman og laga til ein greatest hits konsert. Vil ikkje røpe for mykje, men kan garantere at me har fått med oss det meste.
– Me ser at det blir gjort eit nummer av at dette også er eit show og ikkje berre ein konsert.
– Ja, det er faktisk kostymeskift og litt moro undervegs. Ikkje lett for «vaksne« karar å halde orden på alt det der, men det går. Me har fått ein litt ny vår etter at dette kulturhuskonseptet var klart. Me trengte det, og eg trur fansen vår trengte det.
«Jag trodde änglarna fanns», «Fadderi faddera», «Spellemannsblod», «Kalle med fela» og «Nei, så tjukk du er blitt» er noko av det ein bør kunne håpe på frå scena i Tysværtunet.
Ny kvardag
For dei som har eit nært forhold til Ole Ivars så har det i mange av desse 50 åra handla om dansegalla eller dans på lokalet.
– Det var spelejobbar kvar fredag og laurdag. Timevis i buss, seint i seng og mykje slitasje. Nå speler me to timer og er på hotellet før kveldsnytt. Kan ikkje bli betre enn det, ler bassist William Kristoffersen.
I tillegg meiner han at det er eit betre Ole Ivars ein nå får høyre.
– Me har mange dyktige musikarar i bandet og dei kjem mykje betre til sin rett når ein speler slike konsertar som nå. Dette er meir likt den musikken som er på platene. Det tok ein del år, men nå er me her, og me gleder oss alltid til å spele på nye plasser. Tysværtunet har me sjekka ut og veit at det blir bra både for oss og dei som kjem, avsluttar William Kristoffersen.