Av Alf-Einar Kvalavåg
Det er eit ikkje så synleg, men svært viktig vedlikehaldsarbeid som nå skal gjerast. Både brua og slusene drivast av fleire små hydrauliske anlegg, som nå skal oppgraderast og samlast i eit nytt servicebygg.
– Me gjer denne oppgraderinga nå når det er minst trafikk på fjorden. Me skal ha vedlikehald og ei ombygging av styringssystemet og det hydrauliske anlegget. Dette skal utførast i samanhengen mellom bru og sluseportar. Sluseportane har i dag eit styringssystem og hydraulisk anlegg uavhengig av klaffebrua. Dette skal no byggast om og inngå i klaffebrua. Det skal også byggast nytt servicebygg/teknisk bygg for både sluseportane og klaffebrua. Styring av sluseportane og klaffebrua skal kunne utførast både med mobil fjernstyring, og frå panel inne i servicebygget. Styringssystemet skal også inkludere nye vegbommar og trafikklys for veg og sjø, seier byggeleiar Torbjørn Jektnes i Statens vegvesen.
Les heile saka i papiravisa
eller kjøp den her: https://www.buyandread.com/next/pub.htm?pub=tysvarbygdeblad