Talet er 37,1

Det låg i korta og det var venta. Tysvær kommune har spart seg til eit nytt solid overskot. Kutt og gode grep har gitt pengar som kan nyttast til framtidige investeringar.

Og det trengst. Gode og låge renter på svære lån hjelper også.
For kommunen har lån så det held. Det er fort gjort å tru at me framleis er den rike onkelen på Haugalandet, noko me på ein måte er, men mykje av moroa me har er på lånt kreditt.
Derfor er det ekstra kjekt å rose dei som driv med økonomi i Tysvær kommune. Dei som skal sørge for at det blir pluss på botnlinja, sjølv om slett ikkje alle innsparingar har vore like populære, og nødvendige akkurat nå. Men grovt sett handlar ikkje dette om nå. Det handlar om eit sterkt Tysvær som kanskje saman med Bokn i framtida, skal ta unna både eldrebølga og nye store investeringar innan skule og omsorg. Investeringar alle veit kjem, men som ikkje alle vil spare til.
Kor mykje er så 37,1 millionar kroner i pluss. Det er sjølvsagt ein del pengar, men sjølve summen i seg sjølv er ikkje det viktigaste her. Det gir ein viss status å vise andre kommunar at joda, me kan drive «butikk» i Tysvær også. Og, ikkje minst viktig å seie frå om; me kan spare.
Dette handlar om politisk vilje til å gjere grep når ein merkar at grep må takast. Når det begynner å bli skrapelydar i botn på skattkista, og staten raslar med sabelen om at gullgruva Kårstø kanskje meir skal bli ei blygruve på sikt.
Det handlar om å få folket til å skjønne at me må gjere grep før varsellampene begynner å blinke. Då er det for seint, då blir det gjort dårlege val, og då vil Tysvær hamne i eit uføre dei neppe kjem ut av igjen.
Det er minst tre konklusjonar på det resultatet som økonomisjef, rådmann og ordførar presenterte på måndag.
For det første har Tysvær politikarar som kan ta avgjersler som gir sunn drift, og eit økonomisk overskot.
For det andre har kommunen ein administrasjon som følger opp dei politiske vedtaka.
Og ikkje minst. Tysvær kommune har ei rekke tilsette på alle nivå, som har tatt inn over seg alvoret som er knytt til den økonomiske framtida i kommunen.
Saman har dette gitt eit nytt fabelaktig resultat.
Når det er sagt så er det heilt klart områder i den kommunale drifta som ein må sjå nærare på også framover. Skal det sparast meir, kan ikkje det skje gjennom meir auke i avgifter og skattar for den vanlege tysværbu.
Grensa for kva det skal koste å bu her er i ferd med å kryssast. Me har det bra i Tysvær, men så bra er det ikkje.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør