Av Mona Terjesen
18-åringen imponerte først dommarane så mykje under auditionrundane i Bergen at ho gjekk vidare med eit ja frå alle fire. Deretter venta dommarutveljing i Oslo. Der måtte Ingeborg konkurrere mot alle dei andre talenta som var valt vidare – frå heile landet. Solo og gruppeframsyningar framfor både jury og publikum venta. Fredag kunne me sjå kven som imponerte mest og kom vidare til semifinalane og direktesendingane. Blant dei 40 var Ingeborg.
– Før eg reiste til Oslo på dommarutveljinga så trudde eg at det kom til å bli ganske likt auditionrundane, men det var mykje tøffare. Å høyre alle rundt deg synge så bra var utruleg skummelt. Veka var veldig slitsam, men så var det også heilt fantastisk å komme vidare. Eg var kjempeglad, fortel 18-åringen frå Førresdalen.

Les heile saka i papiravisa
Idol, fredag
Her er dei som Ingeborg konkurrerer mot i semifinalen på TV2 i morgon kveld:
• August Heiervang Dahl (20), Oslo
• Håkon Melsether Kongshaug (16), Måløy
• Joachim Kyllevik (20), Stavanger
• Marta Elise Bøshaugen Klungsøyr (16), Gausdal
• Nadia Warholm Essahli (17), Trondheim
• Sigmund Ledaal (17), Finnøy
• Susanne Thoresen (23), Oslo