Få fart på kunstgrasbanen

Ytre Tysvær boblar over av store og små fotballspelarar, som lar data vere data, og TV vere TV. Dei vil ut og spele fotball.

Dessverre er det fullt på kunstgraset på Frakkagjerd, og stadion er langt frå speleklar etter ein kald vår. Heldigvis såg lokalpolitikarane trongen det er for ein ny bane, og lova Stegaberg all støtte for å realisere bane 2.
Det gjer dei framleis, men nå er tida der for at dei må banke på nokre dører og få fart på utbygginga. I ei sak som er så samrøysta, og så aktuell er det ingen grunn til at det går vinter og vår utan at det skjer noko.
Flaskehalsen er kva ein vil med skuleområdet i framtida. Ja, vel, så er det ei teknisk og regulerings utfordring knytt til dette området. Eller er det nettopp det å skjære gjennom, som gjer at ein ikkje kjem i gang. Ein kan lure på om dette også er ei trenering og vegring for å kjøre på i saker der politikarane er samstemte, og vil ha handling.
Og ein må kunne spørje seg kor det politiske hylekoret er. I ei sak som så tydeleg vil gi ein gevinst gjennom auka aktivitet for barn og unge. Kor idrettslaget står klar med sin del av dei pengane som skal til.
Det blir jobba i kulissane, og det er møter. Men skjer det noko? Er det vilje til å gjere grep som kan løyse eit luksusproblem, som me har i Tysvær. Me har rett og slett for mange ungar som vil vere aktive.
Og igjen må ein spørje kor mange politikarar som har slått på tråden til dei på rådhuset som nå sitt med denne saka i fanget. Presser ein på? Stiller ein spørsmål? Har partia nokon plan?
Eg skal ikkje seie eg sitt midt oppi det, men som nabo til aktivitetane på Frakkagjerd, og det er heilt sikkert likt i Grinde og på Troppene, så er det rart å høyre debatten om passive ungdommar, når ein veit at Stegaberg IL er på kanten av å måtte seie nei, til dei som kjem og vil spele fotball. Eg var inne og kikka på oppsettet på banen. Det er tettare på kunstgrasbanen ein vanleg kveld, enn det er folk i Haraldsgata på 17. mai. Kampar er ein kabal som neppe kan gå opp. Det må mangle kort i den kabalen.
Så mi, og mange med meg, oppfordring til politikarane i Tysvær er klokkeklar.
Nå må me sjå handling og ikkje berre snakk. Når reguleringsplanen kjem opp om kort tid, må me ha klare svar.
Om ikkje så får ein være ærlege å seie at dette vil ta tid, fordi me har så mange planar i Tysvær, at me ikkje greier å halde det me lover.
For dette handlar ikkje om fotball, men om å skape aktivitet i eit nærmiljø under kraftig vekst. Idrettslaget er eit naturleg treffpunkt for å knytte til seg nye venner, og å skape ei god framtid.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør