I 2014 var behovet på 4050 fleire sysselsette, og i 2015 1730 fleire sysselsette. – Årets undersøking viser at nesten ingen bedrifter melder om alvorlege rekrutteringsproblem. Samstundes utmerkar helse og sosialsektoren seg med eit stort behov for arbeidskraft, seier fylkesdirektør Truls Nordahl.
NAV sin årlege bedriftsundersøking fokuserer blant anna på forventa sysselsettingsvekst, og på rekrutteringsproblem blant offentlege og private bedrifter og verksemder i Rogaland.
Nettoauke
I årets bedriftsundersøking melder 20 prosent av respondentane at dei ventar færre sysselsette om eit år enn i dag. 66 prosent melder om stabil utvikling, og 15 prosent om auke i sysselsettinga. I fjor forventa 16 prosent nedgang i sysselsettinga, 61 prosent forventa stabil sysselsetting og 24 prosent forventa ein auke i sysselsettinga. Ved å velje verksemder som forventar oppgang minus verksemder som forventar nedgang, så får ein nettoauke. Venta nettoauke i årets bedriftsundersøking er derfor minus 5 prosent. I 2015 var nettoauka på pluss 8 prosent. – Sjølv om det i år er fleire bedrifter i 2016 som forventar nedgang enn oppgang i talet sysselsette så er det positivt at 66 prosent av verksemdene ventar stabile sysselsettingstal, seier Truls Nordahl.
Det er lågare forventa nettoauke i årets undersøking enn i 2015 for alle næringsgrupper, og nedgangen er størst for bergverksdrift og utvinning (olje- og gassektoren). – Høgt fokus på kostnadseffektivitet, lågare investeringar, stort fall i oljeprisen og mange oppseiingar er hovudårsakene til dette, seier rådgjevar Gustav Svane. Nettoauka innan bergverksdrift og utvinning var i 2014 på heile + 57 prosent, i 2015 på + 5 prosent mens den i år er – 25 prosent. For industrisektoren er det ein reduksjon frå + 16 prosent i 2015 til – 16 prosent i 2016.
Behov for 1076 fleire tilsette
Størst behov for fleire sysselsette er det innan helse og sosialsektoren. I denne næringsgruppa er det i følgje undersøkinga behov for ca. 450 fleire sysselsette. I følgje undersøkinga melder verksemdene blant anna om eit behov for 280 sjukepleiarar. NAV Rogaland sine bedriftsundersøkingar dei siste åra viser at saman med olje og gass-sektoren er det helse og sosial som har hatt størst behov for arbeidskraft. – Når sysselsettingsbehovet innan olje- og gass og leverandørindustrien er grensar til eit minimum, blir behovet for fleire sysselsette innan helse og sosial tydlegare, seier rådgjevar Gustav Svane.
Innan bygg og anlegg melder verksemdene om eit behov for 111 fleire tilsette. Dette er ein nedgang på 24 prosent samanlikna med undersøkinga i fjor. – Byggsektoren er ein næringsgruppe som er veldig utsatt for konjunktursvingingar, og vi ser heilt klart at behovet for arbeidskraft er litt lågare i 2016 enn i 2015 ettersom utbygging av privatbolegar og næringseigedom er blitt redusert dei siste to åra. Vi ser den reduserte etterspurnaden også igjen i form av høgare arbeidsløyse for dei som har arbeid innan bygg, forklarar Gustav Svane.
Byggsektoren er ein næringsgruppe som er veldig utsatt for konjunktursvingingar
Utfordringar med rekruttering
3 prosent bedriftene og verksemdene i Rogaland har dei siste tre månadene
gjort eit eller fleire mislykka forsøk på å rekruttere nye medarbeidarar. 3 prosent har
vore nøydd til å tilsette personar med lågare kompetanse enn ynskjeleg. Totalt har
difor 6 prosent av verksemdene alvorlege rekrutteringsproblem. Dette er ein
reduksjon på 2 prosentpoeng samanlikna med forventningane i 2015. Det mest oppsiktsvekkande er at ingen av verksemdene innan bergverksdrift og utvinning, og berre 3 prosent av verksemdene innan industrisektoren, meldar om alvorlege rekrutteringsproblem.
– Sett i lys av det høge talet med oppseiingar innan olje og gass sektoren og innan leverandørindustrien det siste året, samt stor auke i arbeidsløysa, er dette likevel ikkje overraskande, fortel Truls Nordahl.