Økonomisjef Tor Leif Helgesen er spent på utfallet av folkeavstemminga til Bokn. Han legg ikkje skjul på at det vil svi seg økonomisk for boknarane, om dei vel å forbli aleine. 
Foto: Mona Terjesen
Økonomisjef Tor Leif Helgesen er spent på utfallet av folkeavstemminga til Bokn. Han legg ikkje skjul på at det vil svi seg økonomisk for boknarane, om dei vel å forbli aleine.

Dramatiske tap for Bokn

Regjeringa sitt forslag til nytt inntektssystem gjer at småkommunar som Bokn slepp billigare unna enn venta. Likevel taper dei 32 gonger meir enn Tysvær per innbyggar.

Av Mona Terjesen
Tysvær vil ikkje tape meir enn 136 kroner per innbyggar, som følgje av det nye inntektssys-temet. Bokn vil derimot tape heile 4.359 kroner per innbyggar.
Handterbart
Fleirtalsforslaget til FRP, Høgre og Venstre gjer at kommunane kjem betre ut enn i høyringsutkastet. Tapa vil bli omlag halvparten av det ein først venta. Likevel vil det svi seg skikkeleg for dei som vel å stå aleine, i staden for å slå seg saman med nokon. Verst blir det for småkommunane.
I underkant av 1,5 millionar kroner i året, vil Tysvær tape på å forbli aleine etter det nye inn-tektssystemet. Det tilsvarar 136 kroner per innbyggar.
– Det er omlag halvparten av det som høyringsutkastet tilsa. For vår del er det snakk om ein ganske låg sum, som me vil klare å handtere innan den samla økonomien vår. Det er langt verre for Bokn. Der må dei gjere store grep for å kunne dekke opp tapet på 4.359 kroner per innbyggar, kommenterer økonomisjef i Tysvær kommune Tor Leif Helgesen.

Les også: https://tysver-bygdeblad.no/2016/05/06/bokntysvaer-fra-ein-okonomisk-stastad/
Les heile saka i papirutgåva