Lars Reidar Frøyland stiller i sin Volvo S40
Lars Reidar Frøyland stiller i sin Volvo S40

NM-opning i rallycross

Komande helg er det NM-opning både for crosskart i Vikedal og rallycross i Skien. Lars Reidar Frøyland tar turen austover til Skien.

NM-opninga for rallycross går i Skien lørdag og søndag. Sju førerar frå NMK Vikedal stiller spent til start.
Lars Reidar Frøyland stiller i sin Volvo S40, men slit med å få NM-rundane til å passa med skiftplanen. Dermed blir det berre enkeltløp i NM for hans del.
– Da er me snart klar for årets første løp med volvoen til Lars Reidar, det er NM runden i Rallycross i Skien.
Spenninga er stor når me har gjort mange forandringer på bilen i vinter, både med oppsett og ny gearkasse. Så dette blir som å lære og kjøre bil igjen, skriver teamet i ei melding.

Mest spent er kanskje debutanten Sølve Østbø, som skal kjøra Rallycross Junior cup. Han har alt fått kjørt to løp i Egersund og Vikedal med sin nyinnkjøpte VW Golf, og fekk luka bort nokre småproblem. I desse løpa har han kjørt mot bilar frå høgare klassar, så det blir spennade å sjå korleis han kan hevda seg mot andre i same klasse.
I Supernasjonal t.o.m. 1600 ccm stiller Olav B. Bjelland i sin Peugeot 206. Han vart nr. 4 i NM i fjor, og satsar på pallplass i år.
Daniel Holten er tilbake i den Ford Fiestaen i klassen Supernasjonal t.o.m. 2000 ccm som han vart nr. 5 med i NM i 2013. No er det ein NM-tittel som fristar. Den fristar nok Kenneth Johansen og, som kjører i same klassen og vart nr.8 i NM i fjor. Då tok han ein sterk andreplassen i runden i Skien. Klassen er heilt open i år, sidan medaljevinnerane frå i fjor satsar på EM eller har gått opp ein klasse i år.
I klassen Supernasjonal over 2400 ccm er derimot medaljevinnerane og dei fleste andre frå i fjor på plass i år igjen til kamp i den tøffaste klassen. Her er det tre førerar frå NMK Vikedal, og den som har satsa mest dei siste åra er Bjørn Magne Moland Enge. Han vart nr. 11 i NM i fjor, men kjørte berre halvparten av rundane pga. motorhavari midt i sesongen. Geir Harald Skeie stilte med nybygd Saab i fjor haust, og håpar på nokre fine resultat i år.