Ali Hassan Al-Hassan kjøpte seg hus i Alvanutlia på grunn av utsikten. Nå forsvinner det meste av den frå bakkenivå. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ali Hassan Al-Hassan kjøpte seg hus i Alvanutlia på grunn av utsikten. Nå forsvinner det meste av den frå bakkenivå.

Fortviler over kommunen

Da Ali Hassan Al-Hassan såg utsikten utover Aksdalsvatnet frå Alvanutlia, var det nok. Han kjøpte huset. Nå forsvinn mykje av utsikten.

Av Alf-Einar Kvalavåg
– Eg er fortvila over Tysvær kommune, som i mine auge ikkje har informert godt nok, eller gitt meg dei rettigheitene eg har krav på. Eg godtar at naboen min har søkt om å få bygge ut. Men eg er ikkje blitt høyrt i kommunen. Dette er eit prosjekt som har vore planlagt i mange år, men som først nå når eg er eigar av nabotomta, blir gjennomført. Slik eg vurderer dette er det gjort ein skilnad fordi eg ikkje er norsk, og skjønar alle reglane, seier legen som kjøpte huset for et halvår sidan.

– Kommunen behandlar alle innbyggarane likt uansett nasjonalitet.
Det seier seksjonsleiar Bjørg Tone Vikshåland i Tysvær kommune.
– Dette tilbygget har kanskje blitt planlagt over mange år, men kommunen har aldri fått inn ein byggesak til behandling før denne aktuelle saka. Utifrå kommunen sine arkiv kan vi sjå at førre eigar har sendt inn merknad til eit tiltak som var nabovarsla på denne nabotomta, men kommunen har aldri motteke nokon søknad om oppføring av dette, seier Vikshåland.

Les heile saka i papirutgåva.