Er det sannsynleg at nokon «bles rødt» ein tysdagsmorgon? spør me då me treff politiet, ordføraren og folkehelsekoordinatoren ved Slåttevik-krysset tysdag klokka 09.00.
– Du kjem antakeleg til å bli overraska, svarar politi Vivian Særsten.
Positive
Og overraska blir me, for jammen er det nokre av dei me stoppar som har promille.
– Det er for mykje promillekjøring, og folk er redde for å møte på folk som sett seg bak rattet i påverka tilstand. I desember signerte me kontrakten og blei «Av-og-til-kommune», og trafikksikkerheit er noko av det me er svært opptekne av, fortel ordførar Sigmund Lier og folkehelsekoordinator Ann-Kristin Berge Dahle.
– Vil fyllekjøringa til livs
Ferske tal viser at åtte av ti tysværbuar er redde for å møte promillekjørarar i trafikken. Som «Av-og-til-kommune» samarbeider Tysvær med politiet om rusfri trafikk, og gjennomfører no ekstra promillekontrollar. Tysdag var me med…