Adelén Rusillo Steen har aldri vore på Haugalandet før, og gler seg stort til å komme til Tysvær under Midtsommarfesten.
Adelén Rusillo Steen har aldri vore på Haugalandet før, og gler seg stort til å komme til Tysvær under Midtsommarfesten. Foto: Olav Stubberud

Lovar nye songar og mykje dans

Songstjerna Adelén (19) gler seg stort til å komme til Tysvær for å halde utekonsert.

Det blir stjernespekka besøk i Aksdal laurdag ettermiddag 18. juni. Då kjem Espen Fernando frå MGP jr., Ingeborg Ekrene frå Idol og sjølvaste Adelén Rusillo Steen for å halde konsert på Lars Hertervigs plass.
– Eg elskar å halde utekonsert, særleg om sommaren. Då trur eg at både eg og publikum føler oss litt meir frie til å danse og synge med, fortel Adelén, som slo gjennom i 2013 med låta «Bombo» i Melodi Grand Prix. Sidan då har karrieren hennar skote fart og ho er i dag ein av våre mest profilerte norske artistar. Ho fekk seg også ekstra stor fanskare etter deltakinga si i «Skal vi danse» på TV2.

Song og dans
19-åringen frå Horten, som er halvt norsk og halvt spank, har aldri besøkt Haugalandet før, og gler seg stort.
– Eg har høyrt at det er veldig fint der, og eg gler meg ikkje berre til å halde konsert, men også til å dra rundt og kikke, seier Adelén.
Songstjerna har det ikkje berre i stemma, men også i beina. På laurdag har ho med seg egne dansarar som skal skape stor stemning blant publikummet.
– Eg kjem til å framføre nokre av dei eldre låtane mine, men også ein del nye. Så kjem publikum ikkje minst til å få sjå mykje dans, lovar ho.

Travel sommar
Vår eigen Ingeborg Ekrene, som kom heilt til semifinalane i årets Idol, kjem også til å opptre på utekonserten. Det same gjer haugesundaren Espen Fernando, som gjorde det stort i MGP junior og har opptredd mykje, særlig i distriktet – i etterkant. Begge har ein travel sommar i møte. Og det same gjeld i høgste grad trekkplasteret i årets Midtsommarfest – Adelén.
– Eg skal opptre og halde mange konsertar. Men så skal eg jobbe ein del også, og ikkje minst prøve å nyte sola mens eg kan. I tillegg skal eg på ferie til Sri Lanka i juli. Det gler eg meg stort til. Men akkurat no gler eg meg mest til å komme til Tysvær, avsluttar Adelén.

Midtsommarfest 2016

Utekonserten
Adelén m.fl.
På Lars Hertervigs plass
Parkering v. Tysværtunet
Laurdag 18. juni
Kl. 17.00
Konserten er gratis