Tåka øydela utsikten, men ikkje gleda av å gå tur. Foto: Hervik UL
Tåka øydela utsikten, men ikkje gleda av å gå tur. Foto: Hervik UL

Tåketur til Gudbrandsfjellet

Vêret var ikkje det beste, men i Hervik stoppar ikkje slikt ein fjelltur.

Tur til Gudbrandsfjellet 24.06.16
Arr.: Hervik ungdomslag
Ein let no lesa på rim:
Guida vandring til Gudbrandsfjellet vart gjennomført med bravur,
sjøl om det var eit eksklusivt fåtall som møtte til tur.
I Hervik let me oss ikkje skremme om få deltakarar seg melder,
for her «inne» er det kvalitet over kvantitet som gjelder.
Me trossa vérmelding og åtvaringar mot tett skodde,
slik at samtlege fekk namnet i boka då me toppen nådde.
Nær toppen ligg vatnet der han Gudbrand datt i,
og dermed fekk fjellet sitt namn for all ettertid.
«Ingen veit dybda på vatnet» er det sagnet lover,
men i dag kunne ein heller ikkje sjå kor langt der var over.
Helsing deltakarane på Turid’s Tåketur

Av Turid Askeland