Det blir musestille i klasserommet når elevane set seg ved pultane etter morgonsamling på Tysværvåg barne- og ungdomsskule. Dei rører ikkje iPaden som ligg framføre dei på pulten, og sit med hendene fint i fanget til dei får klarsignal om at dei får lov til å slå den på. I den første timen på tysdag var det matematikk på programmet for elevane. Talet tre og omgrepet mengd var tema, og oppgåvene skulle løysast på iPaden. Sjølv om det er andre dagen med iPad mellom hendene for elevane, har dei alt lært mykje om dei ulike appane og korleis ein arbeider med nettbrettet.
Pilotprosjekt
Førsteklassingane på Tysværvåg, Førland og Grinde skule starta måndag denne veka med iPad i undervisninga. Ein pedagog frå konsulentfirmaet RIKT var med alle førsteklassingane dei tre første dagane. Framover er det lærarane som skal ta over. IPad i skulen skal vere eit supplement til anna undervising, og målet er å gjere skuledagen meir motiverande for elevane.
– Lærarane har hatt tre kursdagar, og vore på Norheim skule der dei er komne langt med iPad i skulen. Nå gler vi oss til å fortsette, og håper at elevane kan bruke iPad i alle fag etter kvart. Eg trur iPad i skulen er komme for å bli, seier rektor på Tysværvåg barne- og ungdomsskule Geir Dybdahl.
Prosjektet med iPad i førsteklasse er initiert av kommunen ved skulesjefen.
Tysværvåg barne- og ungdomsskule har kjøpt 19 iPadar til alle elevane i førsteklasse, og undervisinga går føre seg både ved at elevane arbeider sjølve, og at lærar viser noko på storskjerm.
Då Tysvær Bygdeblad var på besøk, var det som nemnd matematikk som stod på tapetet. Elevane skulle vise talet tre i mengd, mellom anna ved å teikne tre like ting på iPaden, som tre soler eller tre blomar. Dei fekk også i oppgåve å gå ut i skulegarden å ta bilde av antalet tre av noko dei fann, som til dømes nøtter, blad eller stein. Deretter skulle elevane legga bilda dei hadde tatt inn på iPaden. Alt blei lagt inn i ei bok som kvar elev hadde oppretta på iPaden sin.