Fann betalingsgullring frå middelalderen

Gullringen er over sju gram tung og stammar sannsynlegvis frå gruver i Eng-land eller Romerriket. Han kan daterast tilbake til folkevandringstida, år 300-800 e. Kr.

Funn av betalingsgull i Norge frå folkevandringstida vitnar om handel og kon-takt mellom Skandinavia og Europa i århundrer før vikingane entra banen, seier fylkesarkeolog Lars Søgaard Sørensen til Haugesunds Avis.
– Me trur at folk kryssa hava i ulike typar farkostar, opptil 500 år før vikinga-ne begynte sin ekspansjon, fortel han.

Mindre verdt
Den litle ringen som blei funnen av metallsøker John Magne Førre i Tysvær i september har truleg vore ein del av ein større kveil, der ein har klipt av stykke for stykke som betaling for varer.
– Ein ser tydelege spor etter avklipping på ringen, forklarar Sørensen til Avisa.
Fylkesarkeologen meiner at slike funn som dette fortel mykje om korleis dei dreiv handel på. Gull var for eksempel mykje meir verdt i byttehandelar i steinalderen enn i middelalderen då myntane hadde komme.
På den tida hadde gullet omtrent same verdi som metall.
– Eg vil tru at denne ringen er frå det siste stadiet der gull blei brukt som be-talingsmiddel, like før myntane overtok, seier Sørensen til Haugesunds Avis.