Eigentleg har det berre vore skryt å få så langt. Og det er inga sjølvfølge når ein går laus på eit så omfattande vegarbeid på E39.
– Det er hyggeleg at folk meiner det, for det er sjølvsagt mange utfordringar i den prosessen me er i nå. Men me er godt forberedt og har gode planar som me følgjer, nå og i arbeidet framover. Me har tenkt det slik at speler bilistane på lag med oss og viser omsyn, ja så skal me gjere alt me kan for å ikkje hindre friflyt i trafikken, seier byggeleiar Helge Kjetilstad i Statens Vegvesen.
Det er spesielt eitt krysspunkt over E39 frå næringsparken som er ei utfordring. Med anleggarbeid på begge sider må alt vere under kontroll.
– Me har komme godt i gang med arbeidet og tryggleiken tar me på alvor. Samtidig har me god kontroll på den stramme framdriftsplanen, slik at me per dags dato er godt fornøgde med oppstartinga på prosjektet til omlag 53 millionar kroner, som er inklusiv moms.
Les heile saka i papiravisa