Denne hausten har fleire tysværbuar fått telefon og spurt om dei kan tenkje seg å vere abonnentar av lokalavisa. Gledeleg mange har takka ja. Ein kveld kom Svein Inge heim og fortalte kona at han hadde fått ein slik telefon og takka ja. Han fortalte Signe Elise at om dei hadde flaks så kunne dei vinne eit stort gåvekort på Meny Aksdal.
– På ein måte var det på tide at me fekk oss eit abonnement, men eg tenkte nok i mitt stille at vinnarflaks, det har me aldri hatt. Det er nesten så eg vil seie at me aldri vinn. Nå har me nettopp komme heim frå to veker ferie, kjøleskapet var tomt og det var faktisk litt rart når dykk ringte. Me er trufaste kundar hos Rune (Stokkeland) og Meny så dette var ekstra stas. 5000 kroner ei lita veke før jul var jo heilt fantastisk, smiler Signe Elise.
Glede
For det skal vise seg at butikkesjefen på Meny og familien Nesse ikkje bur så frykteleg langt frå kvarandre på Høievegen.
– Nei, så kjekt da, seier Stokkeland og deler ut bamseklem.
Han har med seg gåvekortet og gir det med glede til «naboen» sin.
– Det blir vel litt ekstra godt pålegg og slikt når ein får ei slik gåve. Det må brukast til litt ekstra. Og i denne butikken er det mykje å velje i. Det einaste eg ikkje skal kjøpe er pinnekjøt for det lagar me sjølv heime på garden, seier Nesse, og dermed går diskusjonen rundt kjøtthyllene i Meny-butikken.
Saman med kokken William Bauge blir det ein skikkeleg pinnekjøt-diskusjon på eit høgt fagleg nivå. Kan ein kjenne skilnad på villsau og vanleg sau? Og kva med grisekjøtet? Dette er tydeleg fagfelt dei tre har mange meiningar om.
Viktig
Familien Nesse vann hovudpremien på 5000 kroner. Harold R. Erfrosina vann 2000 kroner, og Magnhild Monchlair 1000 kroner i årets abonnementkonkurranse.
– For oss er det viktig å vere med å marknadsføre det lokale. Om det er lokalavisa eller lokale matvarer i butikken. Eg reknar med at det blir litt på same måten me driv. Å skape eit godt produkt som gjer at folk vil ha det igjen og igjen. Det å kunne dele ut tre gåvekort rett før jul er faktisk tilfredstillande, fordi me veit at slikt er svært overraskande og kjekt for dei aller fleste som har vinnarlukke. Så til alle tre vil eg seie gratulerer og lukke til med handelen. I tillegg må eg få seie lukke til med avisa, seier Rune Stokkeland.
Tysvær Bygdeblad har kvart år ein abonnementskampanje. Me treng alltid påfyll av nye faste leserar. Og sjølv om konkurransen er over for i år, kan du 24 timar i døgnet bestille Tysvær Bygdeblad via vår nettside. Då får du tilbod om både papir- og e-avis.
I januar skal me også trekke ein stor reisegåvesjekk frå GoTO til ein av våre trufaste leserar som har fornya abonnementet i løpet av 2016. 15.000 kroner ligg og ventar på ein av dei.