– Det er stort å få Kongens fortenestemedalje. Eg visste ingenting på førehand, seier Bjørg Elisabeth Førre, medan ho mottar eit utal klemmar og helsingar etter nyttårsmottakinga.
Folk hadde verkeleg gått mann av huse for å med seg årets Nyttårsmottaking på Tysværtunet. Heile storsalen var stappfull, og ein måtte ta i bruk Nygårdssalen der det som skjedde på scena i storsalen blei videooverført.
Ordførar Sigmund Lier heldt sin nyttårstale til publikum, der han mellom anna snakka om at 2016 var eit vanskeleg år for mange bedrifter i kommunen, i tider med ned nedbemanning og tomme ordrebøker. Ordføraren sa at han håpar næringa tar seg opp igjen, med fleire oppdrag.
Lier retta i sin nyttårstale ei stor takk til den frivillige sektoren i kommunen. «Dei frivillige laga er limet i samfunnet vårt», uttalte han, og drog fram mellom anna LHL som samlar mange kvar veke, Hervik ungdomslag som fylte 70 år i 2016 og Friskis og svettis som tilbyr trening rundt om i kommunen.
Det blei framført fleire ypparlege musikkinnslag under nyttårsmottakinga. Ei blåsegruppe i leiing av Kjetil Djønne opna det heile, og den mektige musikken fekk garantert hår til å reise seg på armane til dei frammøtte. Duoen «Into Waves» framførte flott song og Jan-Magnar Andersen Gard spelte facinerande, nydelege tonar vibrafon.
Desse prisane blei delt ut under ordføraren si nyttårsmottaking:
Næringslivsprisen: Falkeid Gård, mottatt av Svein Helge Høyvik. Fire generasjonar har drifta garden i Tysværvåg – ein familie som har vore ein svært engasjert og fagorganisert familie. I juryen sin grunngjeving for prisen, kjem det fram at «Dei har vore genuine i det å sjå moglegheitane, slik at jordbruket blir effektivisert og leggast til rette for også kommande generasjonar.»
Tysværdiplom:
Monica Dahle – Norgesmeister i veteran innan vektløfting i 2016.
Paul Steinar Dalaker – Kokkelærling og har i 2016 vunne Haugalandscup for lærlingar innan kokkefaget.
Åsmund Kringeland – Blei i 2016 Norgesmeister i saueklipping, og skal representere Norge i VM på New Zealand i februar.
Jonathan Gerhard Håkull – Blei i 2016 Norgesmeister i ullhandtering, og skal representere Norge i VM på New Zealand i februar.
Ellen Annette Mogensen Gutubakken – Tok sølvmedalje i Nordisk baltisk meisterskap i distanseriding i 2016, og har også vunne NM i lagritt.
Zekiye Cemsoylu Nyland – Var Norgesmeister Senior i vektløfting i 2016, tok 3. plass i Nordisk meisterskap og deltok i EM i Førde.
Kulturstipend: Into Waves (Anne Kvinnesland og Victoria Lønning) og Elise Austevoll Erland.
Kulturvernprisen: Lensmannshuset på Årvik – Karin Klepmo og Asbjørn Kvinnesland.
Kongens fortenestemedalje: Bjørg Elisabeth Førre. Mellom anna for sitt arbeid i Førre Sanitetsforeining i 22 år, sin aktivitet i Førre bedehus og sin innsats for Førresfjorden kyrkjelyd.
Les meir i papirutgåva på torsdag.