Teknisk utval har vedtatt å gi dispensasjon i kommuneplanen til rusbustadar ved Aksdalsvatnet. Men dei har redusert tida frå sju til fire år. Arkivfoto: Mona Terjesen
Teknisk utval har vedtatt å gi dispensasjon i kommuneplanen til rusbustadar ved Aksdalsvatnet. Men dei har redusert tida frå sju til fire år. Arkivfoto: Mona Terjesen

– Eit trist og farleg vedtak

Torsdag gjorde teknisk utval vedtak i rusbustadsaka. Bustadane blir plassert ved Aksdalsvatnet for ein fireårsperiode, og staden skal sikrast trafikalt.

I det opprinnelege forslaget var det snakk om gi dispensasjon frå kommuneplanen til å plassere bustadane ved Aksdalsvatnet i sju år. Men under møtet til teknisk denne veka, føreslo- og vedtok politikarane å i staden redusere perioden til fire år. Etter to år skal tiltaket bli evaluert.
Utvalet vedtok også å vurdere ein funksjonell bom i nordenden – før det blir gitt bruksløyve. Om ein bom ikkje blir valt så skal det opp eit fysisk skilje mellom kjørande og mjuke trafikantar.

Trist og farleg
Leiar i teknisk utval Terje Knoff presiserte under møtet at tryggleiken måtte vere viktigare for politikarane enn kostnaden. Dette sette nabo Roger Lid-Austrheim pris på. Men trass i at vedtaket er nærare bebuarane ved Aksdalsvatnet sitt ønske, er dei ikkje nøgde med avgjersla.
– Vedtaket er trist og farleg. Særleg fordi saka er basert på falske premisser og uryddig saksgang, og fordi politiet si risikoanalyse ikkje er sterkt nok vektlagt. Dette er eit tap for heile Aksdal. Mange vil kvi seg for å passere desse bustadane så tett. Turvegen langs vatnet vil få redusert bruksverdi. Dei positive elementa i vedtaket er at dispensasjonstida blir redusert til fire år, og at fleire politikarar uttalte at tryggleik og HMS må settast foran pengar i denne saka, seier han.

Les meir om saka i neste utgåve av Tysvær Bygdeblad…