Dei har spurt oss. Her er svaret.
Me bur på Nedstrand. Langt inne, du veit. Der det er så idyllisk. Iallefall om sommaren. Om vinteren er bygda på mange måtar for dei spesielt interesserte. Me bur her likevel. Me er dei underleg gråsprengte. Me har til og med dratt med oss kjærastane våre hit. Ungane våre. Hysj.
Ikkje misforstå – det er på ingen måte synd på oss. Me er ikkje avskorne frå samfunnet eller overlatt til oss sjølv, slik geografien kunne antyde. Me har vegar. Og wifi. Ein god del av oss jobbar faktisk utaføre òg, i Aksdal, i Haugesund, i Nordsjøen. Me pendlar, opptil ein time kvar veg, høgst frivillig. Me er vaksne, me tåler det. Og me har valgt det sjølv.
Me høyrer ofte at me bur i ein idyll. Me er vant til å høyre snakk om levande bygder.
Men det er helst om våren valgåret. Ikkje iår. Viss ei bygd skal leve, og ikkje berre vere til pynt – må ein ha servicetilbud, møteplasser og arbeidsplassar. Glansbilder samlar me ikkje på.
Men me er vant til litt motstand. Det har skjedd før at nokon vil ta noko vekk. Det som er morsomt, er at det ikkje pleier å gå. Skulder mot skulder er me ganske tunge å rikke.
Men ungane våre må gjerne få reise litt med buss. Bevares. Såpass må det koste å få komme seg litt ut i verda. Få litt impulser. Lufta vetet litt. Men sjå godt på dei i sjuande klasse. Du får auge på dei igjen etter tiende ein gong. Det er dei bleike ungdommane. Sett dei på bussen før idretten tar dei. Hysj.
Eg seier som ein klok sambygding av meg: “Me har god plass på vår skule. La oss adoptere eit par skuleklassar frå Frakkagjerd. Dei skal vere velkomne”
Eg kan love at dei skal få skuleskyss. Heile vegen.
Inger Johanne Silgjerd Monstad
– født og oppvaksen på Nedstrand, og nylig flytta heim igjen med familie. Har klart seg nokolunde bra i livet, trass i ungdomsskulegang i bygda der inne.
PS: Ungdomskuleelevane frå Nedstrand vil få pittelitt skuleveg, frå 45 – 80 minuttar ein veg. Èin veg. Hysj. Ikkje sei det til dei.
PPS: Eg har sett korthus på youtube. Det har tatt lang tid å bygge dei. Tar du vekk nokre av dei nederste korta, om så berre nokre få, veltar heile korthuset. Berre ein tanke. Levande bygd, sa du? Eg gjer klar hjertestartaren, berre sånn i tilfelle.