Kva ville du gjort?

Tysdag presenterte toppleiinga i Tysvær eit rekordoverskott på 94 millionar kroner for 2016.

Det er tre gonger meir enn det dei hadde budsjettert med, og garantert dobbelt så mykje som dei hadde håpa på.
Same gode tendens ser me også hos naboane i vest. Både Haugesund og Karmøy kunne legge fram liknande tal.
Kva nå?
Er dette pengar som kan brukast, eller er dette pengar som skal inn på fond og investerast i framtida. Når ein sit att med nær 60 millionar meir enn det som står i budsjetta så er det fristande å begynne å bruke litt av pengesekken. Og på nettet haglar det inn med «gode» idear. Gatelys, hol i vegbanen, sykkelvegar, lekeapparat, skular som treng både det eine og det andre, og mykje anna som trengs akkurat der den som skriv inn bur.
Vel, politikarane går neppe i den fella sjølv om slike tiltak er svært viktige for innbyggjarane. Dei er ikkje berre opptatt av skulestruktur og store planar for omsorgsbustadar. Dei vil ha handling og dei vil ha handling nå. Difor skal ein alltid lytte til slike innspel, spontane eller ei.
Nei, pengane dei hamnar nok der rådmannen anbefala:
– I rekneskapssaka vil rådmannen i hovudsak tilrå avsetting av årsoverskotet til disposisjonsfond og/eller investerings- og utviklingsfond. Det vil også bli vurdert om konkrete drifts- og investeringsprosjekter skal tilførast midlar.
Og slik bør det vere. Når ein gjennom år har jobba knallhardt med å få ned kostnadar og drift, så ville det vore «galematias» og begynt på an igjen. 1990-talet var Klondyke i Tysvær. Ein fekk inn pengar ein nesten ikkje visste om, og det i store mengder. Og politikarane og administrasjonen brukte desse pengane like fort som dei kom inn. Dei bygde det Tysvær som alle snakka om. Kor det var godt å bli gamal og kor det aldri var eit nei å få. Visst var det kjekt, og joda, me har fått mykje som me i dag nyttar oss av. Men det kostar å drifte. Det var for mange som hadde fått stillingar utan at det var gjort nokon som helst konsekvensanalyse av dei. Det ser ein nå når ein kuttar og sparer. Det svir, men kvaliteten er der framleis. Så bank i bordet Sigmund Lier og Arvid S. Vallestad. Bank i bordet ein gong til at det også er fasit når ein rundar både 2018 og 19. Tysvær har vore med på ein hestekur på mange nivå. Det er mange tilsette som nå har gjort ein formidabel jobb for at botnlinja lyser grøn og fin og er på nær 100 millionar i pluss.
Så når politikarane skal handsame denne historiske summen må me stole på at dei har alle faktorane med seg. Frå dei på «golvet» sin arbeidskvardag til dei store investeringane som ligg der framme i horisonten og ventar.
Det er berre å gratulere med eit fantastisk resultat.
– Kva ville du gjort om du fekk tenkt deg om? Du ville nok spart du og.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør