Thomas Sandvik Johansen og Elise Frønsdal Øien øver på «Norge rundt songen» eller Norsk dans» av Edvard Grieg 4-hendig. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Thomas Sandvik Johansen og Elise Frønsdal Øien øver på «Norge rundt songen» eller Norsk dans» av Edvard Grieg 4-hendig. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Klubblunsj med piano

Thomas Sandvik Johansen og Elise Frønsdal Øien øver på «Norge rundt songen» eller Norsk dans» av Edvard Grieg 4-hendig. Du får høyre resultatet 2. juni.

Våre lunsjkonserter i Tysværtunet har blitt ein tumleplass for mange lokale artistar. «Pianoklubben» til kulturskulen har klart å gjere det til ein tradisjon å presentere det dei jobbar med for alle som vil lytte, og det skjer i år fredag 2. juni klokka 11.30.
– Akkurat nå øver me på ein 4-hendig versjon av det kjente stykket til Edvard Grieg. I tillegg har me fleire andre kjende stykke, som me vil spele under konserten. Me gleder oss til konsert, for det er greitt nok å øve, men aller kjekkast å spele for publikum, seier Sandvik Johansen og Frønsdal Øien.

Sommar
Det er siste innspurt på kulturskulen nå før sommarferien. Rektor Anne Hestad Hem er einig i at lunsjkonsertane er ein fin arena for dei unge talentfulle musikantane.
– Dette er musikk som folk nok vil kjenne igjen, og pianistane våre er me stolte av, så dette skal bli ein flott konsert. I tillegg til konserten neste fredag, skal dei også ha ein større avslutningskonsert i Tysværtunet den 7. juni. Så er det sommar, smiler rektoren.
Det er ikkje heilt tilfeldig at dei sit og speler 4-hendig når me gjestar øvinga.
– Det blir ein veldig fin lyd når ein speler slik. Det er litt vanskeleg, men me har god kontroll. Får kjøre nokre ekstra øvingar dei siste dagane, så er det nok på plass, smiler ungdommane og får litt kulturhistorie med på kjøpet av rektor Hestad Rem.
– Då Grieg skreiv stykka sine var det vanleg at ein spelte piano 4-hendig heime i stovene hos dei rike. Det var populært og ein del av det sosiale livet. Så dette var noko «sossen» kosa seg med, smiler rektoren.
Dei som skal spele er: Sara Rodrigues De Miranda (Bertini: 2 etyder) Christian Mikal Carlsen (Brahms: ungarsk dans i Fiss-moll) og Joakim Hole (Chopin: Fantasie Impromptu og Beethoven: 1. sats fra Pathetiquesonaten). I tillegg til dei også Elise Frønsdal Øien og Thomas Sandvik Johansen, med «Norsk dans nr 2 op.35» av Edvard Grieg. Thomas spiller også «Solfigetto» av Carl Phillip Emanuel Bach (son av den meir berømte Johan Sebastian Bach)

Ferietid
Konserten med «Pianoklubben» er den siste før sommarferien. Men det blir gratiskonsert også under opninga av Midtsommarfesten. På utescena på Lars Hertervigsplass kjem lokale artistar som Berge Ohm og Bokn og Havresekkane til å spele ein stor gratiskonsert. Den kan være vel verd å få med seg.
Lunsjkonsertane til Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus er tilbake til hausten.