Det var livleg på den store tomta på til Vassbakk og Stol på Gismarvik. Foto: Privat
Det var livleg på den store tomta på til Vassbakk og Stol på Gismarvik. Foto: Privat

Gjorde seg husvarme i Gismarvik

Vassbakk & Stol skal med tida flytte hovudkontoret sitt til Gismarvik.Det blei markert med ein innhaldsrik og morosam familiedag på den nye tomta si.

Av Ingvild Rørtveit Myklebust

– Det er viktig for oss å ha eit arrangement der familiane til dei tilsette i Vassbakk & Stol får sjå korleis ein arbeidsdag for oss er, seier informasjonsansvarleg i firmaet, Bjørn Egil Apeland.
For kort tid siidan arrangerte dei for første gong ein familiedag på tomta firmaet kjøpte på Gismarvik for nokre år sidan. Det blei ein suksess, og 850 personar var innom.

Aktivitetar og leik
– Me inviterte tilsette med familiar, vener og kjende. Her kunne ein sjå maskinar, varebilar og lastebilar verdt omlag 150 millionar kroner rundt på området. Her var alt ifrå små maskingravarar som veg 900 kilo, til maskinar på 50 tonn. Me brukte maskinparken slik at ungane fekk prøve seg saman med ein maskinførar, fortel Apeland om dagens program.
Det blei også laga ei løype som gjekk mellom pukk og grus, slik at terrenggåande lastebilar og dumparar gjekk i sløyfe rundt. Det var også sett opp hoppeslott og basseng for dei minste. Grillmat og popkorn frå ein popkornmaskin var populære innslag.
– Det var ein kjempekjekk dag, konkluderer Bjørn Egil Apeland.

Viste fram ny tomt
Apeland kan ikkje seie med tryggleik nøyaktig når det er planen at Vassbakk & Stol skal flytte til Gismarvik. Grunnen til at firmaet ønsker å flytte hovudkontoret, er at dei treng større plass.
– Vassbakk & Stol har vakse enormt på kort tid, og har nå 540 tilsette. Lokala me har på Bygnes i dag har me vakse ut av. Me har både maskinverkstad, bilverkstad, lager og så vidare. Dette treng me meir plass til, seier Apeland.
– Kvifor ville de til Tysvær og Gismarvik?
– Tomta på Gismarvik er ideell mellom anna grunna plasseringa. Den er nær Stavanger, og så kjem jo Rogfast. Me gler oss til å vere på Gismarvik, seier Apeland.
Han synest det var kjekt å kunne vise fram den nye tomta på laurdag.
– Det var jo litt kult å ha det på Gismarvik, slik at me kunne vise kor me skal ha hovudkontor, seier han.
Apeland fortel om gode tilbakemeldingar på arrangementet, og trur ikkje det er utenkeleg at det kan bli liknande arrangement igjen i framtida.

Vassbakk & Stol

Fakta: Vassbakk & Stol:
* Vassbakk & Stol er eit spesialfirma for masseforflytting, grave-og sprengningsarbeid med over 500 tilsette.
* Selskapet blei etablert i 1969 og omsette i 2015 for omlag 1,2 milliarder kroner.
* Hovudkontoret ligg i Kopervik på Karmøy. Firmaet har også to avdelingskontor i Hordaland.
*Vassbakk & Stol er eit heileigd dotterselskap av Skanska Norge AS.