Dei nye reglane gjeld absolutt alle som skal fiske hummar, både fritidsfiskarar og yrkesfiskarar.
Hummarfiskesesongen startar 1. oktober.
Får deltakarnummer
Ingen kan fiske etter hummar utan først å vere påmeldt til Fiskeridirektoratet på fastsett måte. Påmeldinga gjeld for éin sesong, og må innehalde namn, adresse, telefonnummer og annan eventuell informasjon som er naudsynt for å identifisere og komme i kontakt med den som skal fiske, kjem det fram i dei nye reglane frå nærings- og fiskeridepartementet.
Vedkommande som skal fiske hummar, får tildelt eit deltakarnummer. Teiner som står i sjøen til fangst av hummar, skal ha minst eit vak som er tydeleg merka med fiskaren sitt deltakarnummer.
Fiskeridirektoratet informerer på sine nettsider om at dei i løpet av neste veke vil gjere klart for registrering, som skal gjerast via eit elektronisk skjema på deira nettsider.
Sjølv om påmeldinga kunn gjeld for éin sesong, vil det bli lagt opp til gjenbruk av deltakarnummeret for dei som også melder seg på fisket til neste år.
Endra reglar for oppbevaring
Det er også gjort endringar andre stader i lova kva gjeld fiske.
Minstemål for hummar skal vere basert på kunn totallengd. Minstemålet for hummar er 25 centimeter i heile landet.
Det er også innført krav om at hummarteiner frå og med denne sesongen skal røktas minst ein gong per veke.
Om ein skal oppbevare hummar i sjøen i desember på kyststrekninga frå grensa mot Sverige, til og med Sogn og Fjordane fylke, må ein først melde ifrå til Fiskeridirektoratet sitt regionkontor og seie talet på hummar og kvar ein oppbevarer dei.
Nokre forbod er også oppheva.
Det er ikkje lengre forbode for fritidsfiskarar å sette krabbeteiner på grunnare vatn en 25 meter.
Ei anna av endringane i lova seier at det nå er lov til å sette/trekke teiner på søndagar, også på kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Vest-Agder. Men det er framleis forbode å sette eller trekke teiner til fangst av hummar på kyststrekninga Vest-Agder til grensa mot Sverige frå ein time etter solnedgang til ein time før soloppgang, skriv Fiskeridirektoratet.
Dersom ein bryt reglane, kan ein sjølv risikere å hamne i garnet, ved å bli bøtlagt.