Crazy Gang er: Svanlaug Mæland, Tanja Johnsen Morten Andersen Sørensen, Julie Marie Leifsen, Lisa Sørensen, Sander Østhus, Malene Nordbø, Jan-Magnar Andersen Gard og Simon Skofteland.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Crazy Gang er: Svanlaug Mæland, Tanja Johnsen Morten Andersen Sørensen, Julie Marie Leifsen, Lisa Sørensen, Sander Østhus, Malene Nordbø, Jan-Magnar Andersen Gard og Simon Skofteland.

«Crazy Gang» speler opp til lunsj

Dei likar å spele. Har øvd i Førre
Musikkorps i mange år og er nå blitt ein gjeng som elskar å reise rundt og underhalde. 6. oktober blir det lunsj.

11 av musikantane i musikkorpset meinte det var gode grunnar til å lage eit eige band. Og det skulle vise seg å vere ei rett avgjersle. Ikkje lenge etter at «Crazy Gang» var starta opp kom dei første spelejobbane. Bryllaup og fest. Ein av grunnane til suksessen er repertoaret, som slett ikkje går i marsjtakt.
– Me har laga oss eit variert repertoar med eit knippe låtar me kan velje blant. Og me utvidar stadig. Dette er populærmusikk, spelt med blåseinstrument. Det er songar som «Paradise» av Coldplay, «Tir N’a Noir» av Vamp og «Always Look On The Bright Side» kjent frå Monty Pyton-gjengen. Dette er musikk som folk kjenner, og som dei set pris på å høyre i nye versjonar, fortel gjengen.

– Gleder oss
Då «Crazy Gang» fekk tilbodet om å spele til lunsjkonsert i Tysværtunet den 6. oktober tok det ikkje lang til før me fekk positivt svar.
– Me gleder oss av fleire grunnar. Først fordi me likar å spele og synst at desse songane er kjekke å øve på. Men me vil også vise at korps er meir enn 17. mai og konkurransar med vanskeleg stykke. Dette skal vere gøy og folkeleg, og me tru alle vil høyre ein song og to som dei kjenner godt igjen.
Og folkeleg er det absolutt. Songane dei speler er tett opp mot originalane, og det er lagt inn rom for soloparti og spontane solistprestasjonar, utan å røpe for mykje.
– Kor kjem namnet i frå?
– Me er ikkje meir sprø enn at me har tatt korpsmusikken opp til eit nytt nivå. Det er mange slike band som oss, men me meinte det nå var tid for å vere litt sprø også i Førre. I korpset er det mange dyktige musikantar som har lyst å ha noko litt annleis å strekke seg etter. Me får også god oppfølging av dirigenten vår «Svenna» Koppang, og me håper at dei yngste ser på oss som noko å strekke seg etter. «Crazy Gang» vil sjølvsagt ha trong for nye medlemmer på sikt. Akkurat nå er me 11, noko som gjer at det ikkje er krise om det er ein som ikkje kan, det let godt uansett, ler den musikalske gjengen frå ytre Tysvær.

Viktig
Kulturhusleiar Øystein Simonsen er godt nøgd med at «Crazy Gang» kjem og skal ha lunsjkonsert.
– Det at me kan ha ein scene for unge talentfulle tysværbuar er flott. Eg håper at det er fleire der ute som nå ser på denne mulegheita og tar kontakt med oss. Lunsjkonsertane har vore ein stor suksess på mange måtar, og for meg er det like stort om det er lokale ungdommar, eller ein nasjonal kjendis som speler. Og korps står sterkt i Tysvær, så denne konserten gleder eg meg til, seier Simonsen.

Spelelista gjerast klar i Crazy Gang: Svanlaug Mæland, Morten Andersen Sørensen, Julie Marie Leifsen, Lisa Sørensen, Sander Østhus, Malene Nordbø, Jan-Magnar Andersen Gard og Simon Skofteland.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg