Onsdag denne veka var det joggedag på Førland skule, der dei samla inn pengar til ein skule i Nepal. Foto: Privat
Onsdag denne veka var det joggedag på Førland skule, der dei samla inn pengar til ein skule i Nepal. Foto: Privat

Jogga inn 27 277 kroner

Onsdag var det joggedag på Førland skule. Det er blitt ein tradisjon at dei samlar inn pengar til ein skule i Nepal.

Tekst innsendt av Marita E. Havn på Førland skule:

Yr.no fekk nesten rett då dei spådde kraftig regn onsdag føremiddag. Men, elevane på Førland let seg ikkje skremme! Dei varma opp med «Hair up» frå Trolls i gymsalen. Midt i ei kraftig byge la dei på sprang rundt den mest 1 km lange løypa. Med små eller lange skritt la dei bak seg mange rundar. Mange hadde sett seg store mål. Dei hadde skaffa seg sponsorar og visste at til fleire rundar dei sprang til meir penger ville dei bidra med.

Det er blitt tradisjon på Førland å samle inn pengar til ein skule i Nepal. Dei har direkte kontakt med skulen via Ingunn Moi som er der på besøk nå i haustferien. Pengene blir m.a øyremerkt til aktivitetsdag for elevane og til innkjøp av utstyr. Elim Kids Academy har ca 250 elevar og er ein skule med god kvalitet. Ca halvparten av elevane har ikkje foreldre som kan betale det det kostar å ha elevane på denne skulen, så all hjelp utanfrå er kjærkome.

Det var glede og entusiasme som prega joggedagen, og til og med sola skein i små glimt. Takk til foreldrevakter, FAU, sponsorane og Meny som stilte med saft og frukt. Kjekt å kunne låne startnummer av Førland Idrettslag. Det vart og mange gevinstar ved trekking av startnummer og Coop Ekstra gav oss ei flott fruktkorg som hovudgevinst.
Å dele gleder er å få gleder! Derfor er det kjekt med joggedag!
Årets resultat vart 27 277 kroner.