For nokre veker sidan skreiv Bygdebladet om dei fem private legane ved Aksdal legesenter, som må ut av lokala dei leiger av kommunen, fordi Familiens Hus skal inn der.
Kommunen har tilbydd legane å leige nye lokale av dei i andre etasje i det kommande Albatross-senteret, men då blir prisen dobbelt så høg som den er i dag, og lokala er ikkje er ideelle for legedrift.
Legane ønsker i staden å eige sine eigne lokale og har spurt kommunen etter ei tomt i Aksdal. Då ingenting aktuelt var ledig, såg dei i staden til Frakkagjerd og Løå-bygget. Men det sette kommunen ein stoppar for. Dei ønsker nemleg å behalde legane i Aksdal…
Og der stoppa det opp. Legane følte at dei blei pressa av kommunen til å seie ja til Albatross-senteret, trass i at dei verken har kapitalen til å betale over éin million kroner i leige i året, eller var fornøgd med løysningane.
Har fått svar
Etter at Bygdebladet hadde saka på trykk for tre veker sidan, har det komme mange reaksjonar. Legane på si side, er glad for at det no er blitt tydeleg kva dei faktisk ønsker.
– No kan ingen råde politikarane til å kjøpe etasjen i Albatross-senteret, med grunnlag i at me ønsker å flytte inn der. Det har heldigvis komme klart fram no, seier Johansen.
Legane og kommunen har hatt møte etter oppslaget, dei har jamleg dialog og det blir jobba med å finne ei løysning på plassproblemet.
– Me har akkurat fått svar på søknaden vår om tomt i Aksdal. Det er mykje om og hvis, ting som må bli avklart, men likevel så ser me at det blir jobba med fleire løysningar og det er flott, seier Johansen.
Pasientfokus
Samtidig med at kommunen ser på tomtealternativ til legane, har dei bedt arkitektar teikne inn nye løysningar i Albatross, slik at legane får mindre areal å betale for.
– Dessverre så må omlag 40 prosent av det ønska arealet vekk for at me skal ha same leige som i dag, så dette ser me ikkje som ei god løysning, seier Johansen, som håper og trur at eige-alternativet skal bli ein realitet. Han påpeiker også at dette ser ut til å vere det rimeligaste alternativet for kommunen.
Inntil vidare har dei fem privatlegane ved Aksdal legesenter fått lovnad av kommunen, om å få bli i dei gamle lokala, til ei løysning er klar.
– Det vil seie at drifta går vidare som før, og pasientane vil ikkje merke noko forskjell med det første. Det er viktig at denne situasjonen ikkje går utover dei. Me trivest alle fem veldig godt med pasientane våre. Vi ønsker meir enn alt å få lov til å fortsette saman i eit felles legesenter. Og det trur me også skal gå bra. Me har tiltru til at det vil komme ei løysning som alle er rimeleg nøgde med. Både me og kommunen jobbar med saka, det er det viktig å poengtere ovanfor pasientane våre, avsluttar Yngve Johansen.