Offensive tankar

I ei tid kor det ikkje alltid er like lett å finne optimisme i verken kommune eller næringsliv, er det ekstra kjekt å vere til stades under opning av nybygg, der det boblar over at tru på framtida.

EIK-Senteret har lenge vore ein møtestad for dei som likar traktor og landbruksverktøy. Tett opp i rundkjøringa på Frakkagjerd har det nærast vore umuleg å ikkje legge merke til dei. Og i tider der det er mykje usikkerheit både rundt næringsliv, og tradisjonelt landbruk, er det gode nyheiter at lokala på Frakkagjerd rett og slett blei for små.
Det stoppar ikkje der, for under opninga i Aksdal Næringspark kunne dei fortelle at dei for framtida har sikra seg meir areal. Det er ei herleg og fantastisk optimisme, noko ein verkeleg treng om dagen.
Det er berre å gratulere med nybygget og med piler som peiker oppover.
Aksdal Næringspark er blitt akkurat den sentrale parken mange hadde ein draum om. Ordførar Sigmund Lier nyttar kvar sjanse han får til å skryte over lokaliseringa sentral midt på Haugalandet i krysset for E39 og E134.
Og det er ikkje rart han skryt, for til nå må ein ha lov å kalle det for eit lite næringseventyr det som skjer på Eikeskog. Spennande etableringar, nytt kryss og spenstige planar for framtida. På sikt skal det også bli sentrum for dei tekniske tenestane til Tysvær kommune. Ein tenker framtidsretta og optimistisk, noko som viser seg å bære frukt. Aksdal Næringspark har klart å bli ein snakkis i næringslivet. Det er ikkje verst når ein veit kva konkurranse ein har frå mellom anna Raglamyr og Bygnes.
Når ein står og lyttar til festtalar er det ofte freistande å dele optimismen på to. Men akkurat nå er det ingen grunn til å vere skeptisk. Den samlinga ein får av kompetanse og fagmiljø i næringsparken vil også lokke til seg nye etablerarar. Også utanfrå. Når selskap i Haugesund bygger nytt, og Hatteland Display frå Vindafjord flyttar inn, er det sjølvsagt noko Tysvær har drøymt om i mange år. Me vil vere med å sette næringsliv og arbeidsplassar på dagsorden.
At ein då har eit lokalt næringsliv som får full oppfølging av mellom anna ordføraren, så vil alle føle seg velkommen.
Saman skal ein bygge for framtida, og den framtida ser svært lys ut i Aksdal Næringspark.
For å bruke ein songtittel eg likar svært godt: «Saman er me sterke».
Det gjeld i aller høgste grad også oss i Tysvær.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør