Laget Bubbles frå Frakkagjerd barneskole tok førsteplass i robotkonkurransen i First Lego League på Sandnes i dag. Foto: Privat
Laget Bubbles frå Frakkagjerd barneskole tok førsteplass i robotkonkurransen i First Lego League på Sandnes i dag. Foto: Privat

Gjeve prisar i First Lego League

Laget Bubbles frå Frakkagjerd barneskole kom på 1. plass i robotkampane i First Lego League på Vitensenteret på Sandnes i dag. Laget Smarties frå Grinde skule stakk av med marknadsføringsprisen.

First Lego League er ein teknologibasert konkurranse for unge mellom 10 og 16 år. Konkurransen går ut på å designe, bygge og programmere ein robot som skal løyse eit antal definerte oppgaver.
Det er seks lag frå Tysvær med på konkurransen denne helga, og alle har brukt mange veker på å førebu seg og lage robotane sine.

Bubbles i aksjon i finalen. Foto: Privat

Robotane konkurrerer i ein cup/serie. Etter innleiande rundar går dei beste vidare til kvartfinalar, semifinalar og finale. Laga sitt oppdrag denne sesongen var å betre måten menneske finn, transporterar, nyttar eller kvittar seg med vatn på, og utforske problem innan menneske sitt vasskretsløp.

Laget Bubbles frå Frakkagjerd var i finalen med laget Team Gosen.
Team Gosen fekk Champion-prisen, og går vidare til Skandinavisk finale.