Bussar, Tysværvåg
Akrivfoto

Endrar billettar frå 1. januar

Fylkestinget har bestemt at det skal gjerast takstendringar for Kolumbus frå 1. januar 2018. Ein får mellom anna kjøpe ungdomibsllett til ein er 22 år.

– Den øvre aldersgrensa for ungdomsbilletten aukar frå 20 til 22 år, og prisen på dei fleste periodebillettar blir justerte, skriv Kolumbus på sine nettsider.
Prisen på ungdomsbilletten forblir uendra. Det blir også prisen på enkeltbilletten og 24-timarsbilletten, samt sone- og om bordtillegget.

Fleire takstendringar
Prisen på sjudagarsbilletten aukar med ti kroner for vaksne, og fem kroner for barn. Det blir tjue kroner dyrare for vaksne og ti kroner dyrare for barn å kjøpe 30-dagasbillett.
For 365-dagarsbilletten må ein ut med 200 kroner meir for vaksne, og 100 kroner meir for barn.
30-dagarssbillett nærsone Haugesund utgår.
Prisane for hurtigbåtbillettar aukar med tre prosent, opplyser Kolumbus.
For å sjå fleire av billettendringane kan ein besøke Kolumbus sine nettsider.