– Frå og med i dag får abonnentane våre tilgang på eksklusive TB+-saker på nettet, fortel dagleg leiar Irene Stuhaug Ørke og redaktør Alf-Einar Kvalavåg.  
Foto: Ingvild R. Myklebust
Det er framleis gode opplagstal i Tysvær Bygdeblad. Det sier leiar Irene Stuhaug og redaktør Alf-Einar Kvalavåg.

Stabile tall for Tysvær Bygdeblad

Det godkjente opplaget for Tysvær Bygdeblad er 2.133. Det er stabilt og berre 13 færre enn året før. Samstundes går avisa med nær ein halv million i overskot.

Opplagstala som blei presentert i dag viser at norske aviser framleis har ein sterk posisjon. Både på papir og på nett. Dei aller fleste lokalavisene har som for Bygdebladet berre hatt små justeringar det siste året.
– Me er inne i ein god periode kor papiravisa er motoren i det nyheitsbilete me gir av Tysvær, og om det som skjer som har noko å seie for innbyggarane her. Opplagstala er ein temperaturmålar som viser at folk vil «ha» oss, men me kan ikkje få sagt høgt nok at det er abonnentar som gjer det muleg å halde kvaliteten på produkta våre oppe. I framtida blir kvar enkelt som betaler viktigare enn nokon gong, seier dagleg leiar Irene Stuhaug og redaktør Alf-Einar Kvalavåg.

Hard jobb
Å gi ut ei lokalavis i ein kommune som Tysvær med sine 11.000 innbyggarar og med store og sterke nyheitskonkurrentar på alle sider er ein tøff og utfordrande jobb.
– Me har som mål å stadfeste vår posisjon som tysværbuen sitt 1. val innan nyheiter, kultur, sport og samfunnsstoff. Det er ein hard jobb, men me dagens tal så blir med topp motivert til å stå på vidare, seier Kvalavåg.
Økonomisk har Tysvær Bygdeblad alltid stått sterkt. 2017 var ikkje noko unnatak. Resultatet viser eit overskott på 484.000 kroner før skatt.
– 2017 har vor eit godt år for oss kor det har vore ein fin balanse mellom utgifter og inntekter i ein tøff marknad, seier Stuhaug.
Tysvær Bygdeblad har seks tilsette.