Skjold er på veg mot ein ny spennande sesong. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Skjold er på veg mot ein ny spennande sesong. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Har ambisjonar i år også

Skjold har plukka ut tre kapteinar til årets sesong. Dei skal styre skuta inn til ein plass på øvre halvdel av tabellen.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Åkra borte i seriepremieren er ikkje ein ønskemotstandar for nokon, men dei tre kompisane som skal veksle på vere kaptein i Skjold, trur det er like greitt å møte dei nå, og bli ferdig med det.
– Eg trur ikkje Åkra er like gode som på det beste i fjor. Dei har mista nøkkelspelerar som kunne avgjere vippekampar for dei. Nå har dei fått inn erstatterar som garantert vil komme sterkt utover sesongen. Eg håper me får ein god start på sesongen, at spelet vårt etablerer seg på eit høgt nivå, og at me klarer å holde oss på den øvre delen av tabellen gjennom sesongen. Det bør me kunne klare, seier Sander Hettervik.

Solid
– Det er eg heilt einig i. Starten på sesongen er viktig for oss som framleis er eit ungt lag med dei utfordringane det er. Me har ingen rutinerte spelerar som kan stå opp når det bukkar litt i mot. Me må vere eit solid fellesskap, og det trur eg me er. Å ha mål om å vere blant dei 6-7 beste trur eg er realistisk, seier Morten Bådsvik.
– Det er ingenting som seier at me ikkje skal kunne ha ein ny god sesong. Me har eit stabilt mannskap som nå har spelt saman ei stund. Me får stadig påfyll frå dei som er yngre, men det er som Morten seier, viktig at me får trua gjennom ein god opning på sesongen. I fjor fekk me det etter ei fantastisk opning borte mot Ålgård. Så kvifor ikkje det same i år, spør Vegard Steinsland.

God gjeng
Me treff dei tre i garderoben like før seriestarten på fredag. Stemninga er god, og det er lite som tyder på nervar.
– Det er optimistisk og god stemning i garderoben slik det alltid har vore i Skjold. Tor Martin (Hegrenes) er ein litt anna type enn Håkon André (Waage), men det er den same gode stemninga. Tor Martin er svært seriøs og alt er avklart i god tid. Difor kan me ha rett fokus på kampdagane. Me er godt nøgde med trenervalet og trur det kan løfte oss vidare, frå den gode grunnmuren Håkon André starta bygginga av, seier dei tre kapteinane.
– Kan ein høyre på stemninga her inne om det er ein god eller dårleg Skjold-dag?
– Ein kan i alle fall høyre når det er gode dagar. Da tar det litt av både før og etter kamp. Me meiner me har ein fin og optimistisk garderobekultur, der det er kjekt og trygt å vere med, seier dei tre.
– Kvifor tre kapteinar?
– Det er så enkel forklaring at me ikkje har ein typisk kapteintype i laget. Me er som sagt meir eitt lag som står samla, der alle skal få meine noko. Derfor har me valt denne løysinga, og det er heilt OK for oss.

Utfordring
Det kjem stadig til nye spelerar medan me sit i garderoben. Men det er bare kjentfolk.
– Det er lite nytt i år, men det betyr også at dei aller fleste som har vært med dei siste åra framleis er her. Me er blitt eitt år eldre, og ikkje minst eitt år smartare. På vårt nivå er det mange utfordringar. Spelerar kjem, og spelerar forlèt klubbane nesten kvar veke. Da blir det vanskeleg å bygge lag over tid. Nå bruker ikkje me all verden av tid på å studere kva dei andre driv med. Me har fokus på oss sjølv, og det me kan gjere noko med. Etter ein lang og kald vinter merker me at det nå skal bli kjekt med seriefotball, tabellar og kampar kvar helg.
– Og publikum har mykje å glede seg til?
– Det har dei. Me lover at me skal jobbe knallhardt for kvart einaste poeng. Det skal være tøft for motstandarane å møte Skjold også i 2018. Så det er bare å finne fram varme klede og møte opp på Åkra på fredag, og til heimekamp mot Hundvåg neste torsdag, avsluttar kaptein-trioen Hettervik, Bådsvik og Steinsland.

4. div, avd. 2

Skjold
Djerv 1919
Hana
Haugesund 2
Hinna
Hundvåg
Kopervik
Randaberg
Rosseland
Sandnes Ulf 2
Vedavåg
Vidar 2
Voll
Åkra