Himmelhamn 2018. Foto: Håkon Nordvik
Himmelhamn 2018. Foto: Håkon Nordvik

Himmelsk melodiøst

Bandet Himmelhamn har utgitt si aller første plate med same namn.

Med Vigleik Winje i spissen har det blitt ei melodiøs vakker og spennande plate. Utgangspunkter er like lett som det er vanskeleg. Winje har skrive melodiar til gamle salmetekstar. Og det er reint og ryddig. Både dei vokale og musikale prestasjonane held eit høgt nivå.
Det er «godt» å lytte til og for dei som vil høyre etter på dei gamle tekstane så er lydbilete behageleg og det er lett å følge teksten.
Bandet jobbar i kulissane og kler inn det vokale på ein svært ryddig måte. Det er mye å lytte på og det fungerter svært bra til dei litt «tunge» tekstane.

Å gi ut ei kristen plate med eit slik utgangspunkt som tekstar frå mellom anna 1600-talet er, krev at ein er ærleg med det materiale som ein råder over. Det gjer at «Himmelhamn» er ei lyttbar plate på mange måtar. På ein litt rar måte forandrar songane seg når ein skrur på volumknappen. Tekstar og melodiar fungerer godt både lågmælt og med volumknappen skrudd opp.

Musikalsk er det ei vandring innan alt frå country, via folk til visepop. Balansert og sett saman på ein måte som gjer at ein heile tida gleder seg til neste song. Plata driv framover frå opningssporet «Eg ville gjerne eiga ei tru» til avslutninga «Frå jordi opp me stirer». Det er ingen svake parti, sjølv om ein kanskje også kan seie at det ikkje er nokon av songane som skil seg så voldsamt ut positivt heller. Det heile er generelt på eit høgt og kvalitetmessig godt nivå.
Likevel var det ein spesielt tøff start på songen «Eg såg ein kristi pilgrim» der Anette Kristoffersen i beste folketonestil opnar songen før Winje tar over i noko som umiddelbart får tankane over på Sigvart Dagsland. Men det er ikkje snakk om kopiering på «Himmelhamn». For dette er så originalt som det kan få blitt når ein bruker gamle tekstar i ein ny drakt.
Musikalsk er dette musikk som også vil fungere godt live. Det bør vere mange kyrkjer som ryddar plass i kalenderen og inviterer bandet til konsert.
Det er ei flott samling dyktige musikarar, vokalistar, tekstar og songar som nå har blitt samla på ein spennande CD.
Kvalitet er alltid velkomme.

Alf-Einar Kvalavåg

Les meir om Himmehamn i papirutåva i dag

Anmeldelse

Himmelhamn
Himmelhamn
Vigleik Winje, vokal, akustisk gitar, el-gitar & metallofon, Hanne Undheim Askeland, vokal, Jarle Kristoffersen cello, Torleiv Fossum, banjo, pedal steel, akustisk gitar & el-gitar og Kjell Magne Fauskanger, bass
Spelt inn live i ABC-studio
Miks: Kjetil Ulland
Mastering: Björn Engelmann/Cuttingroom.
Utgitt: 13. april 2018