Båteigar slått i ansiktet

Ein båteigar blei slått i ansiktet då to personar prøvde å stele ein båtmotor frå ein båt på Nedstrand camping i natt.

Politiet fekk klokka 02.52 natt til tysdag melding om at to personar forsøkte å stele ein båtmotor frå ein båt på Nedstrand camping. Eigaren oppdaga dette, og fekk stoppa tjuvane. Ein av tjuvane slo til båteigaren i ansiktet før dei stakk av frå staden.
Patrulje var på staden og i kontakt med båteigar, sikra spor og oppretta sak.