Nå kan du grille igjen

Det er kanskje ikkje så mange som blir frista til å grille i ruskevêret, men nå er totalfobodet i Tysvær og Bokn oppheva.

Det melder Tysvær kommune på sine nettsider torsdag føremiddag.
– Tysvær og Bokn opphever det strenge totalforbudet etter vurdering ut i frå skogbrannindeks og nedbør som har komme og er meldt vidare, skriv dei.
Dei minner samstundes om at det er viktig å minne om det generelle forbodet som seier at det i tidsrommet 15. april til 15. september er forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark utan tillating frå brannvesenet.