Foto: Illustrasjonsfoto
Foto: Illustrasjonsfoto

– Ikkje undervurder farane ved og på sjøen

38 prosent av tysværbuar er redde for å treffe båtførarar med promille når dei er ute i båt, det viser tal frå ei fersk undersøking gjort av Ipsos på oppdrag frå AV-OG-TIL.

Så langt i år har det vore ei sterk auke i talet på drukningsulukker i Norge samanlikna med året før. Ein av tre som omkom på sjøen i fjor, var påverka av alkohol. Nå vil Tysvær kommune at ennå fleire skal tenke seg om ved og på sjøen, og at fleire skal velje vekk styrepilsen.
– Gjennom heile året markerer arbeidsgruppa i Tysvær kommune- Trygg i Tysvær- ulike aktuelle kampanjar for ein tryggare kvardag for små og store. Om sommaren er det sjø- og badevett som står på agendaen, og også eit spesielt fokus på alkovett gjennom satsinga som AV-OG-TIL kommune, seier  Ann-Kristin Berge Dahle, folkehelsekoordinator i Tysvær kommune.
Også kommuneoverlege i Tysvær kommune, Lars Johan Lysen, meiner det er svært viktig å tenke tryggleik på og ved sjøen.
– Det er stadig behov for å minne innbyggarar og gjester på viktigheita av å tenke tryggleik, seier Lysen.
Han har arbeida målretta med dette fokuset i mange år, og har også gjennom sitt arbeid på legekontor, legevakt og sjukehus sett dei alvorlege konsekvensane ulukke kan ha.

– Gjennom heile året markerer arbeidsgruppa i Tysvær kommune- Trygg i Tysvær- ulike aktuelle kampanjar for ein tryggare kvardag for små og store. Om sommaren er det sjø- og badevett som står på agendaen, og også eit spesielt fokus på alkovett gjennom satsinga som AV-OG-TIL kommune, seier  Ann-Kristin Berge Dahle, folkehelsekoordinator i Tysvær kommune.

Frykter promillekøyrarar
38 prosent av tysværbuar er redde for å treffe båtførarar med promille når dei er ute i båt. Det viser tal frå ei fersk undersøking gjort av Ipsos på oppdrag frå AV-OG-TIL.
– Det er ikkje rart at mange fryktar å møte ein båtførar som har drukke. Ein båt kan gjere stor skade dersom båtføraren mister kontrollen. Det kan få fatale konsekvensar både for dei som sit i båten, og andre som er i nærleiken, seier Randi Hagen Eriksrud, som er generalsekretær i alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL.
Som ein AV-OG-TIL kommune har Tysvær ulike kampanjar og «stunts» i løpet av sommaren, og deltok mellom anna med stand på Slusedagen.
I den ferske undersøkinga til Ipsos svarer 88 prosent at dei meiner at ein bør la vere å drikke alkohol når ein skal føre fritidsbåt.
– Undersøkinga viser at mange er klar over at alkohol og båtliv ikkje høyrer saman. Det er bra, for det å føre båt i alkorus representerer ein stor risiko. Alkohol påverker koordinasjonsevna vår, balanse og risikovurdering, evner ein treng på topp når ein fører ein båt. Men me er bekymra over at dei gode haldningane ikkje alltid viser igjen i handlingane folk gjer. Me veit at det blir drukke ein del i båt, også her på Vestlandet, seier Ann-Kristin Berge Dahle.

Fleire drukningsulukke
Drukningstala går alltid opp når sommarsesongen er i gang for alvor, og i år har den starta tidlegare enn normalt grunna det fine vêret.
– Det er så langt i år fleire dødsulukke til sjøs enn på vegane. 52 har omkomme ved drukning, medan det er 47 som har omkomme i trafikken. Berre i juni var det så mange som 15 drukningsulukke.
I alt 94 personar døyde i drukningsulukke i Norge i 2017, viser tal frå Redningsselskapet. Det er også store kjønnsforskjellar når det gjeld drukning, med ei sterk overrepresentasjon av menn med 80 døde i fjor. Flest drukningsulukke skjer anten frå fritidsbåt eller fall frå land eller brygge. Kystfylker som Rogaland toppar ulykkesstatistikken, opplyser Berge Dahle.
Totalt drukna 52 menneske i løpet av første halvår av 2018. I fjor drukna 38 personer i same periode, viser Redningsselskapet sin statistikk. 

– Følg med på barna
Lars Johan Lysen oppmodar folk til å følgje med på barna når dei er ved sjø eller vatn.
– Har du med barn til vatn eller sjø er det viktig å alltid halde eit auge med dei. I tillegg bør barn som leiker ved vatn alltid ha flyteplagg på, seier han.
Han påpeiker også at det er viktig for foreldre å vere på vakt om eit barn etter bading får pusteproblem eller at barnet sin allmenntilstand blir dårleg. Det kan då vere snakk om sekundær drukning eller tørrdrukning. Denne tilstanden kjem av vatn i lungene, og symptoma kan komme fleire timar seinare.

Vis badevett og sjøvett
Lysen og Dahle oppmodar alle som bur eller besøker Tysvær til å vise godt badevett og sjøvett, og håper at ein gjennom den systematiske innsatsen år etter år haustar resultat av det førebyggande arbeidet, slik at ingen skal miste livet eller bli alvorleg skada på grunn av ulukker. Bruk av flyteplagg,
forsvarleg fart, vere utkvilt, edru og på vakt er gode sommartips frå desse to. 

Førstehjelp ved drukning:

Varsle 110-112-113.

Merk deg ulykkesstaden.

Tenk på eigen sikkerheit.

Redd personen opp frå vatnet om mogleg.

Start livreddande førstehjelp.

Dersom pasienten pustar normalt: Legg den forulukka i sideleie. Overvak til hjelp kjem. Førebygg nedkjøling.

Dersom pasienten er livlaus: Start Hjerte/Lunge-redning med 30 kompresjonar, så 2 innlåsingar og fortsett heilt til hjelp kjem.