– Tunnelvask er viktig for trafikktryggleiken. Vi vaskar mellom anna vegen, nødstasjonar med utstyr og kamera, forklarer byggeleiar Tor Gabrielsen i Statens vegvesen.
Arbeidet startar i Byfjordtunnelen klokka 00:01 natt til måndag 20. august. Det er kolonnekøyring fram til vaskinga er ferdig 06:00 morgonen etter. Klokka 22:00 måndag kveld fortset arbeidet, med kolonnekøyring. Når arbeidet er ferdig i Byfjordtunnelen, startar arbeidet i Mastrafjordtunnelen. Også her blir det kolonnekøyring.
Det kan hende at entreprenøren byter frå Byfjordtunnelen til Mastrafjordtunnelen i løpet av natta.
Vaskinga av Rennfast-tunnelane skal vere ferdig klokka 06:00 fredag 25. august.