Mange hadde meldt seg på for å både smake på den tradisjonsrike fisken, drøse med andre og høyre god musikk. Det var Kokkenes Mesterlaug Haugalandet som leverte sildebordet. Underhaldning var der både før og etter maten, der ein fekk høyre livlig jazzmusikk på saksofon, gitarspel og song.
Koste seg med silderettar av ymse slag
Det var ikkje berre i Haugesund det var sildebord denne helga. Både på Tysværtunet og Nedstrandstunet var det flott servering av «havets sølv».