Klart folk vil ha lokalavisa

Denne veka dukka det opp opplagstal for norske aviser. Nye reknemåtar skal gi oss, og alle som er interessert i slike tal, betre kontroll på talet på leserar på nett og avis.

Tysvær Bygdeblad har stabile tal og me har tru på ei framtid der papir og nettavis går hand i hand.
Det har vist seg at tysværbuen vil ha ei lokalavis, også i desse nettider der nyhende flyr over diverse skjermar og blir bytt ut like kjapt som dei kjem.
Me har klart å halde oss i ein tøff kvardag der konkurransen også frå lokale media er sterk. Der regionsavisa styrer det meste, og der lokalradioen vinn prisen for året radiokanal. Me har også konkurrentar rundt oss på alle kantar som gir ut sine produkt gratis, og som eit av den same annonsemarknaden som me jobbar i. På ein måte er det som om me sit midtt i ein mediestorm, der alle drar i den same massen av leserar og annonsørar.
Me det er ikkje berre slik. Vår styrke er at me har klart å mikse saman det ultralokale som ein finn i ein basar eller ein lokal konsert, med det meir generelle og nasjonale, som også angår tysværbuen. Vår jobb er å tilpasse alt dette til våre leserar. Dei som betalar og som gjennom dialog med oss påpeikar kva dei vil lese om.
Og eg meiner at det er vår styrke. Denne dialogen me har med alle frå ordførar til minstepensjonist. Frå dei som driv suksessfulle verksemder og kjører Mercedes, til dei som slit med å tilpasse seg i samfunnet. Det gir oss mykje informasjon og ei makt som me ønsker å forvalte til fellesskapen sitt beste. Av og til lukkast me svært godt, andre gonger er det meir delte meiningar om kva me skriv om. Men me lar oss ikkje stoppe, for me blir motivert av alle dei som jamleg seier at lokalavisa skal me ha. Ein torsdag utan er ikkje det same.
Likevel er me ikkje meir naive enn at me ser det framleis er svarte skyer i horisonten for norske aviser. Folk er nemleg ikkje så lystne på å bruke pengar på nyhende som før.
Korleis skal me få folk til å betale for noko dei kan vere heldige å på gratissider? Svaret på det er at i framtida vil det følge med langt fleire godar for abonnentane enn for gratispassasjerane. Mellom anna har me investert betydelege midlar i å digitalisere Tysvær Bygdeblad sine papiraviser. Det betyr at våre abonnentar vil kunne søke i alle avisene som me har gitt ut sidan starten i 1975. Det tilbodet kjem før jul.
I tillegg vil me fram mot valet neste haust vere deg som lesar sitt utgangspunkt for å finne alt du treng for å gjere det rette valet. Då skal me spele på lag med både veljarar og politikarar, slik at me etter valet sit igjen med kjensla av at demokratiet lev også i 2019.
Bli med oss som abbonement, sørg for at Tysvær har ei levande lokalavis også i framtida. Så skal vi sørge for å glede deg, provosere deg, og ikkje minst informere deg om alt det som skjer. Og det er ikkje lite.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør