Helene Håland og Ingrid Emilie Rokstad og resten av Tysvær ungdomsråd inviterer til arrangementet C.H.A.O.S i Tysværtunet om nokre veker. 
Foto: Ingvild R. Myklebust
Helene Håland og Ingrid Emilie Rokstad og resten av Tysvær ungdomsråd inviterer til arrangementet C.H.A.O.S i Tysværtunet om nokre veker.

Ungdom inviterer til konferanse og festkveld

Kultur og helse står i sentrum når Tysvær ungdomsråd inviterer til arrangementet C.H.A.O.S. Ungdomstida kan vere kaotisk for mange, og dette vil ungdomsrådet at det skal vere greitt å snakke om.

Av Ingvild Rørtveit Myklebust

C.H.A.O.S står for culture health arrangment on stage. Arrangementet går føre seg fredag 19. oktober, og er todelt. Første del er ein obligatorisk konferanse for alle skulane i Tysvær, der tema er psykisk helse. Om kvelden er det duka for konsertar og anna moro for ungdommen. Alt skjer i Tysværtunet, og arrangementet er eit samarbeid mellom Tysvær ungdomsråd, Avanti fritidsklubb, ungdomsskulane, kulturkontoret, SLT og Folkehelsekoordinator i Tysvær.

Kan vere kaotisk
Tysvær ungdomsråd er hovudarrangør av C.H.A.O.S, og leiar for rådet Ingrid Emilie Rokstad fortel at arrangementet er inspirert av Verdensdagen for psykisk helse, og at ein også ønska å lage eit kjekt opplegg for ungdom der inkludering og god stemning var viktige ord.
– Ungdomsrådet har jobba med å planlegge C.H.A.O.S sidan i vår. Me ønska å skape ein møteplass og eit samlingspunkt som ungdom forbinder med noko kjekt, slik som Babeluba er for barn i Tysvær, seier ho.
Saman med Helene Håland, som også sit i ungdomsrådet, er dei på besøk på Frakkagjerd ungdomsskole ein føremiddag for å fortelje elevane der om C.H.A.O.S.
– Ein av grunnane til at me valte akkurat dette namnet på arrangementet er at mange opplever ungdomstida som kaotisk, både på ein positiv og negativ måte. Livet som ungdom kan vere kaotisk, og me vil gjerne vise at ein ikkje er åleine om å ha det slik, og at det er OK å snakke om det, seier Håland og Rokstad.
Ungdomsrådet har dei siste to åra fått tildelt 200.000 kroner, og desse ønska rådet å bruke på noko kjekt for ungdommane. Dei la saman med dei andre arrangørane planar for ein konferanse, og ein spennande kveld med kulturelle opplevingar.
Håland og Rokstad synst det er veldig kjekt at ungdomsskulane i kommunen likte opplegget ungdomsrådet har sydd saman for konferansen, og at konferansen nå er obligatorisk for alle elevane på ungdomstrinnet. Dei opplever også stor velvilje frå kommunen og dei andre medarrangørane.
– Samarbeidet med både kulturkontoret, SLT og folkehelsekoordinator har vore veldig bra. Det er så kjekt å bli høyrt, og at dei hjelper oss til å gjennomføre det me synst er kjekt. Ordføraren har også vore veldig gira, og seier at han gjerne vil komme på konferansen, smiler dei to jentene.
Også samarbeidet med fritidsklubben Avanti om arrangementet på kveldstid har vore svært viktig for ungdomsrådet, påpeiker dei.

Kjend bloggar kjem
Opplegget på dagtid har psykisk helse hos ungdom i sentrum. Det er Ingrid Emilie Rokstad og Karl Kristian Kyvik som skal leie konferansen.
Ungdomsrådet blei samde om å invitere bloggar og YouTube-ar Maria Stavang, betre kjend som Piateed, til Tysvær for å snakke om nettopp dette.
– Ho er kjent for å ha veldig låg terskel for kva ein kan snakke om. Ho tullar til dømes med eigen kropp, og snakkar om press på ungdom, fortel Håland og Rokstad.
Maria Stavang fekk prisen årets YouTube-ar og «meningsbærer» i «Gullsnutten» 2018. I juryen si grunngjeving heitte det mellom anna at Stavang har blitt ei viktig stemme for unge menneske, med humor og tydelege meldingar om eit meir raust samfunn.
Stavang har ved fleire høve brukt YouTube-kanalen sin til å kritisere mote- og reklamebransjen for å legge unødvendig press på ungdom.
– Me er veldig glade for at ho ville komme til Tysvær. Eg har allereie fått fleire tilbakemeldingar frå ungdom om at eit føredrag med Piateed er noko dei ser fram til, seier Helene Håland.
Til C.H.A.O.S kjem også Simen Almås. 24-åringen har trass sin unge alder opplevd livstruande ulukke og hendingar. Han blei brannskada då han var 13 år, og var også på Utøya nokre år seinare. Han held føredrag der han ønskjer å inspirere og motivere til å ta vare på augneblinkane, og leve.
Ein skal også presentere ung data-tal frå Tysvær på konferansen, der ungdommar sjølve har svart på spørsmål om mellom anna korleis dei har det og deira forhold til rus og kriminalitet. PPT kjem til å vere på konferansen, samt politiet og helsestasjonen. Desse vil ha stands, slik at det er høve til å komme å prate dersom nokon ønskjer det.

Lærerikt
Folkehelsekoordinator i Tysvær kommune, Ann-Kristin Berge Dahle og kulturkonsulent Johnny Liadal har arbeida tett med Ungdomsrådet om C.H.A.O.S. Dei trur at dagen blir eit viktig samlingspunkt for ungdom i Tysvær, og er spente på arrangementet. Dei har hatt idédugnadar med ungdommane, og tatt seg av ein del av det administrative rundt arrangementet.
Ann-Kristin Berge Dahle synst det er flott at psykisk helse er tema for dagen, og at alle skulane skal vere med.
– Psykisk helse er meir og meir inne i skulen og læreplanane. Det er også mykje omtalt i sosiale medium og blant bloggarar, påpeiker folkehelsekoordinatoren.
Ho trur at Piateed, som gjerne bruker humor som verkemiddel når ho formidlar, vil bli interessant for ungdommane å høyre på. Berge Dahle meiner også at det var viktig å få inn ein mannleg føredragshaldar.
– Slik treff ein kanskje også gutane meir, seier ho.
Liadal nikkar samd. Han meiner Ungdomsrådet har gjort ein god jobb med å planlegge C.H.A.O.S, og trur opplegget både om dagen og om kvelden blir bra.
– At ein satsar på eit arrangement som er både om dagen og om kvelden trur eg er lurt. Kanskje kan ein få til ei slags festivalstemning, seier han.
Liadal trur det er god lærdom for medlemmane i Ungdomsrådet å vere arrangørar for eit stort arrangement som C.H.A.O.S.
– Dei har hatt eigen arrangementskomité, der ein har fordelt ansvar for til dømes PR og vakthald. At nokre også reiser rundt på skulane i kommunen og fortel om arrangementet i klassane trur eg er veldig lærerikt, seier Liadal.
Tysvær ungdomsråd har 17 faste medlemmar, der elleve er frå ungdomsskulen og seks frå vidaregåande.

Vil skape treffstad
Om kvelden brakar det laus med mykje kulturell snadder for ungdommen. Programmet for kveldsarrangementet inneheld både musikk, Fifa-turnering og diskotek.
– Arrangementet er gratis, og er for alle ungdommar frå 8. klasse til 20 år. Det er ikkje ofte det er store arrangement for alle ungdommar i kommunen, og me håpar at dette kan vere ein kjekk treffstad for alle i heile Tysvær. Ungdommar frå andre stader en Tysvær er også hjarteleg velkomne, seier Håland og Rokstad.
Det blir konsert med EMIR frå Bergen, som er ein av dei mest omtalte unge rap-artistane i landet det siste året. Tidlegare kalte han seg Onge $ushimane, og er framleis den eine delen av duoen $ushi X Kobe, som mellom anna er kjent for låtar som «Tenker feil» og «Aldri for mye». Nyleg signerte Emir med Sony, og så langt har han gitt ut singlane «Alltid», «Faller» og «Hvis Vi Må».
Det blir også lokale artistar på scena. Haugesundarane Julian aka Yung Percs og Benjamin aka Lil Trash frontar rap-gjengen i AestheticBoys, som har slept fleire songar på straumetenestane. Nesta Petrauskaite frå Skjoldastraumen skal også synge. Ho ga ut debutsingelen «Our way» tidlegare i år.
Kvelden blir avslutta med diskotek ved Avanti sine Dj-ar.