30. desember 2012 merka Elfrid Ørke Nes at riene tok til, men ho hadde gått så lenge med kynnarar at det ikkje var lett å vite korleis det låg ann.
Ho og mannen Kenneth venta sitt tredje barn, og dei to første hadde begge komme før termin, så dei var førebudd på at det kunne skje når som helst. Men så raskt – og under slike omstendigheiter venta dei seg ikkje.
Tysvær Bygdeblad trefte paret og fekk helse på den vesle jenta nokre dagar etter fødselen. Då besøkte dei tanta til Kenneth, Laila på sjukehuset. Ho er jordmor og hadde fått æra av å skulle ta imot vesle Signhild.
Men dei kom seg ikkje til sjukehuset dagen ho blei født. For riene kom plutseleg fort, og veslejenta meldte sin ankomst langs vegen, berre nokre minuttar frå heimen deira i Skjoldastraumen. Laila var heldigvis med. Ho kjørte i bilen bak dei, og fekk kasta seg inn i bilen deira og tatt imot, utan utstyr.
Dette er altså no seks år sidan, og Signhild går i førsteklasse. Me lurar på korleis det går, og besøker familien – og Laila, i Skjoldastraumen…
Les om besøket og sjå bilde i papiravisa på torsdag.