Trist, trist, trist

«Nok er nok» lyste mot meg frå framsida av Tysvær Bygdeblad i dag 11. mars.

Og den som har fått nok er den fantastiske legen Torbjørn Egenberg.
Han har vore min fastlege i rundt 12 år. Eg har reist 12 mil tur/retur frå Håland i Stordalen i Etne. Mange, mange turar.
Møte med flinke og superhyggelege Astrid og Anne-Lise på kontoret, og den flinke, forståingsfulle legen, har vore avgjerande for at eg har halde fram med denne lange doktorvegen.
Om dette er ein ynskjeleg utvikling frå staten, så er det nok eit feilgrep. Nok er nok! Dette er så trist at eg har lyst å gå i fakkeltog! Tusen takk til Hegren legesenter!

Gisle Sellevold, Håland, i Stordalen

LES OGSÅ: https://tysver-bygdeblad.no/2019/03/13/fastlegekrisen-rammer-tysvaer/